Larisa Semjonovna Latynina, fødd Dirij, () er ein ukrainsk tidlegare turnar frå Kherson som representerte Sovjetunionen. Ho sanka heile 18 OL-medaljar i tida 1956-64.

Latynina vann i alt 9 gull-, 5 sølv- og 4 bronsemedøljar over tre olympiske sommarleikar. Under Sommar-OL 1956 tok ho 4 gull, 1 sølv, 1 bronse. Sommar-OL 1960 enda ho opp med 3 gull, 2 sølv, 1 bronse, medan ho i Sommar-OL 1964 sikra seg 2 gull, 2 sølv og 2 bronser. Ho vart olympisk meister i mangekamp i 1956 og 1960, i frittståande i 1956, 1960 og 1964, i hopp i 1956 og i lagtevlinga i 1956, 1960 og 1964. Latynina vart verdsmeister ni gongar: seks gongar individuelt, mellom anna i mangekamp i 1958 og 1962. Ho vart europameister i mangekamp i 1957 og 1961, i 1957 vann ho alle fem øvingane.

Latynina var landslagstrenar for dei sovjetiske turnjentene frå 1966 til 1977.

Kjelder Larisa Latynina i Store norske leksikon

Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Ukrainske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1964 Kategori:Trenarar