thumb|Elisabeth av Bayern, austerriksk keisarinne, i ridedrakt i 1884 mini|Ridedrakt med skalk frå ca. 1890, LACMA i Los Angeles
Ridedrakt er ei klesdrakt for kvinner spesiallaga til hesteriding.
Frå midten av 1600-talet har formelle europeiske ridedrakter laga for å ri i damesal vanlegvis omfatta:
Formsydd jakke med matchande langt skjørt Formsydd skjorte eller chemisette Hatt, ofte i den mest formelle stilen for menn i samtida (frå viktoriatida av ein flosshatt med slør)
Støvlar med låge hælar, hanskar og ofte eit halstørkle eller liknande blei også brukt til drakta. Typisk brukte ridedrakter i heile perioden detaljar frå mannsklede, som store mansjettar, gullkant eller knappar. Fargane var ofte mørkare og meir maskuline enn dei ein brukte til daglegdrakter. Tidlege stilar kunne likna kjolane brukte av smågutar før dei byrja bruka bukser på desse områda.
Utvikling
I Frankrike på 1600-talet brukte kvinner ei ridedrakt kalla devantiere. Skjørtet på denne drakta hadde ein splitt bak slik at ein kunne sitja overskrevs på hesten. Tidleg på 1800-talet kunne ordet «devantiere» brukast om heile ridedrakta eller om delar av henne, som skjørtet, forkledet, eller ridejakta.
mini|Redingote frå ca. 1790 i silke og bomull. Los Angeles County Museum of ArtTakeda and Spilker (2010), pp. 82–83
Då høgt liv var på moten, frå rundt 1790 til 1820, kunne ridedrakta omfatta ein kåpekjole kalla riding coat på engelsk, lånt inn på fransk som redingote), eller eit skjørt med ei kort jakke til som ofte var lengre bak enn framme. Det franske ordet redingote (eller redingotte, redingot)Oxford English Dictionary, Third Edition, September 2009 blei lånt tilbake til engelsk. Plagget det viste til har hatt ulike utformingar, brukt av både kvinner og menn.
Den fyrste redingote-forma blei utvikla på 1700-talet, og blei brukt til reise til hest. Dette var ei stor kåpe til nyttebruk. Dei siste to tiåra av 1700-talet byrja ho utvikla seg til eit formsydd moteplagg som var inspirert av herremoten i samtida. Italiensk mote tok også opp plagget, kalla redingotte, og tilpassa det til meir formelle høve.
Redingote var ikkje nødvendigvis ridedrakt meir. Redingote à la Hussar (frå fransk redingote à la Hussarde) hadde parallelle rekkjer av horisontale fletteband etter mønster frå hussaruniformer. Stilen fortsette å utvikla seg gjennom 1800-talet. Han fekk etterkvart ei kroppsnær form ved brystet og livet, med ei utviding mot falden.
På Hawaii blei tradisjonelle pa'u-skjørt utvikla til lange, vide bukser ein kunne ri overskrevs på hestar med på 1800-talet. Denne klesdrakta blir framleis brukt av pa'u-ryttarar i dag.
Omtale Samuel Pepys skreiv i dagboka si 12. juni 1666:
To hundre og femti år seinare skreiv Emily Post:
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Riding habit» frå , den 12. desember 2022. oppgav desse kjeldene: Cassin-Scott, Jack, Costume and Fashion in colour 1760–1920, Blandford press, Payne, Blanche: History of Costume from the Ancient Egyptians to the Twentieth Century, Harper & Row, 1965. No ISBN for this edition; ASIN B0006BMNFS Tozer, Jane and Sarah Levitt, Fabric of Society: A Century of People and their Clothes, 1770–1870, Laura Ashley Press, Takeda, Sharon Sadako, and Kaye Durland Spilker, Fashioning Fashion: European Dress in Detail, 1700–1915, LACMA/Prestel US 2010,
Pepys' diary for June 1666 Emily Post's Etiquette, 1922, Chapter XXXIII. Dress See paragraph 40 "Riding Clothes" Riding Habits at the Regency Garderobe
Bakgrunnsstoff
History of Riding Habits Woman's riding suit, 1900–1910, in the Staten Island Historical Society Online Collections Database Back in the Habit: Side Saddle Fashion through the Ages
Kategori:Mote på 1600-talet Kategori:Mote på 1700-talet Kategori:Mote på 1800-talet Kategori:Rideutstyr Kategori:Vestleg drakthistorie