Russeblåstjerne (Othocallis siberica) er ei plante i russeblåstjerneslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå den sørlege delen av europeisk Russland og Vest-Asia. Arten var tidlegare rekna til snøstjerneslekta med det vitskapelege namnet Scilla siberica, og i hagebrukssamanheng blir arten framleis ofte omtalt som Scilla.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1893. Arten er naturalisert og i rask auke og er ganske vanleg på Austlandet og langs kysten til Rogaland, derifrå meir spreidd til Troms. Han går opp til 650 m ved Røros. I Framandartslista 2023 er arten registrert med høg risiko (HI).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russeblåstjerneslekta