Dvergsnøstjerne (Scilla sardensis) er ei plante i snøstjerneslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå det vestlege Tyrkia. Arten var tidlegare rekna til slekta Chionodoxa med namnet C. sardensis.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1994. Arten er registrert spreidde stader nær kysten frå Oslo til Rogalad og i Trondheim. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Snøstjerneslekta