Gullvêrhane eller hybridvêrhane (Crocosmia ×crocosmiiflora) er ei plante i vêrhaneslekta i sverdliljefamilien. Arten er ein hagehybrid mellom dei to sørafrikanske artane valentinvêrhane og C. pottsii (C. aurea × C. pottsii).

I Noreg er hybridarten ein framandart som er komen inn som prydplante og vart funnen forvillla i 1995. Han har ikkje frøformeiring, men er bufast spreidde stader i kyststrøk frå Aust-Agder til Møre. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), medan arten ikkje var risikovurdert i 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vêrhaneslekta