Gudrun Johanne Egemar () var ein norsk reklameteiknar og dokkemakar.

Familie Egemar var dotter av veterinæren Sigurd Bili og læraren Reidun Eriksen. Ho var gift med scenografen Christian Egemar, som opphavleg var frå Danmark.

Kunstnarisk virke I 1961 hadde NRK Fjernsynet premiere på serien Pernille og Mr. Nelson. Dette var ein dokketeater-produksjon for barn som var skriven av Ragne Tangen. Dokkene var laga av Gudrun Egemar.

I 1961 var Egemar også ansvarleg for dokkene til førestillinga Tryllekvisten på Oslo Nye Teater. Stykket var opphavleg eit rumensk eventyr, og den norske omsetjinga var ved Per Bronken.

Saman med Willie Nordrå laga Egemar dokkene som vart nytta i programserien til NRK Fjernsynet Julian Strøms dukketeater (1964).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gudrun Egemar» frå , den 15. mars 2023.

Kategori:Norske dokkemakarar Kategori:Norske reklamefolk