Jan Sagedal () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar, styrkeløftar og vektløftar frå Froland i Aust-Agder. Han vart noregsmeister i kulestøyt i 1998. I tida frå 1982 til 2003 sanka han i tillegg fire sølvmedaljar og sju bronsemedaljar i øvinga under noregsmeisterskap i friidrett. Sagedal var etter tur medlem i Froland IL, Sørild FIK og IK Tjalve. Kåre Sagedal var tvillingbror hans.
Friidrett Sagedal forbetra den personlege rekorden i kulestøyt frå 18,29 meter i 1984, via 19,66 m i 1985 til 20,76 meter i 1986, den siste var ny norsk rekord og kom under eit stemne i Bodø den 4. juni. Same året sette han elles personleg rekord i diskoskast med 58,56 meter. Hausten 1987 vart Sagedal dopingdømd og utestengt frå friidretten i 2 år. Han kom tilbake i 1989 og støytte kula opp mot 20 meter i så vel 1989 som 1990. I 1992 vart han dopingdømd for andre gong og då stengt ut i 4 år. Han byrja tevle att i 1996. Fram til 2003 plukka han årleg ein NM-medalje i kulestøyt, og vart i 1998 noregsmeister i øvinga.
Sagedal var påmeld til Friidretts-EM 1986, VM 1987, EM 1990 og VM 1991. Han kvalifiserte seg til finalen i 1986-EM, men rauk ut etter tre døde støyt i finalen.
Doping I april 1987 testa Sagedal og fire andre i det norske kastmiljøet positivt på det vassdrivande middelet probenecide før eit stemne i USA, middelet vart nytta for å skjule bruk av dopingmidlar. Sagedal fekk ein dom på 24 månader. I 1992 leverte han ei ny positiv prøve. Denne viste bruk av methandrostenolon, eit anabolt steroid. Han vart etter dom stengt ute frå idrett i fire år.
Medaljar i norske meisterskap Kulestøyt: Gull: 1998 Sølv: 1982, 1999, 2000, 2002 Bronse: 1983, 1985, 1991, 1996, 1997, 2001, 2003
Personlege rekordar og årsbeste i kulestøyt År 1983 1984 1985 1986 1987–88 1989 1990 1991 1992–95 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 Lengde 18,02 18,29 19,66 20,76 - 19,92 19,97 19,02 - 18,70 18,50 18,16 - 18,39 18,06 17,62 17,16
Kjelder friidrett.no
Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Norske kulestøytarar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Dopingsaker i friidrett Kategori:Norske tvillingar Kategori:Folk frå Froland