İmam bayıldı er ein tyrkisk matrett med aubergine som hovudingrediens. Retten inneheld også lauk eller kvitlauk og ikkje minst olivenolje. İmam bayıldı kan også bli laga med kjøtdeig, men vanlegvis blir retten laga vegetarisk.

Bakgrunnen til namnet Direkte omsett betyr «imam bayıldı» ‘imamen svima av’ eller ‘imamen dåna’. Det finst mange historier om kor namnet kjem frå. Ifølgje ei av dei skulle ein imam ha svima av av glede fyrste gongen han smakte på denne retten.John Auto, The Glutton's Glossary: A Dictionary of Food and Drink Terms, Routledge, 1990, ISBN 0-415-02647-4, p. 146.

Ifølgje ei anna historie skal ein imam ha gifta seg med dottera til ein rik olivenoljeprodusent. Dei fyrste 12 dagane skal kona hans ha laga aubergine, fylt med tomat, lauk og olivenolje av ypparste kvalitet. På den trettande dagen skal imamen ha fått servert aubergin utan olivenolje, og han skal då ha svima av av sorg.Gregory McNamee Movable Feasts: The History, Science, and Lore of Food, Greenwood Publishing Group, 2006, ISBN 0-275-98931-3, p. 82.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «İmam bayıldı» frå , den 19. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyrkisk mat Kategori:Aubergineretter