Atanas Kirilov Tarev () er ein bulgarsk tidlegare stavhoppar. Han vann bronsemedaljen i øvinga ved europameisterskapen i 1982 og i verdsmeisterskapen i 1983.

Tarev lukkast ikkje kvalifisere seg til finalen under Sommar-OL 1980 i Moskva. To år seinare sette han personleg rekord då han svinga seg over 5,70 meter. Under EM i friidrett 1982 i Aten vann han bronsemedaljen. Året etter tok han i ein ny bronsemedalje då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett vart arrangert i Helsinki. I 1984 flytta han den bulgarske rekorden til 5,72 m, i 1985-sesongen la han på til 5,75 m. Vinteren 1986 sigra Tarev i stav-tevlinga ved innandørs-EM i Madrid. Sommaren 1986 vart han nummer fire i EM i friidrett i Stuttgart, før han 2. september i Lausanne gjorde sitt livs beste hopp på 5,80 meter. I verdsmeisterskapen i Roma i 1987 enda han på åttandeplassen. Som i Sommar-OL 1980 klarte Tarev ikkje nå finalen i Sommar-OL 1988 i Seoul.

Tarev vart bulgarsk meister tolv gongar: 1976–86 og 1988.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Atanas Tarev» frå , den 22. september 2023.

Kategori:Bulgarske friidrettsutøvarar Kategori:Stavhopparar Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983