Kristina Nicole Groves () er ein kanadisk tidlegare skeiserennar frå Ottawa. Ho vann tre gullmedaljar i distanse-VM, ein på 3 000 meter i 2008 og to i lagtempo (2007 og 2009).
Aktiv Groves tok sine fyrste VM-medaljar ved distanse-VM 2005; ein bronse på 1500 m og sølv i lagtempo. I Vinter-OL 2006 i Torino fekk ho ein ny sølvmedalje i lagtempo, også på 1500 m vart det sølv, landskvinna Cindy Klassen vann. I firkamp-VM på heimebane i Calgary kom Groves på tredjeplass. Ved distanse-VM 2007 i Salt Lake City vart ho verdsmeister i lagtempo og ho vann bronsemedaljen på så vel 1500 m som 5 000 m. Vinteren 2008 kom ho på bronseplassen ved Skeise-VM i Berlin. Under verdsmeisterskapen på enkeltdistansar i Nagano vart ho verdsmeister på 3 000 meter. Og ho sikra seg sølvmedaljar på 1000 m, 1500 m og i lagtempo, og til sist bronse på 5 000-meteren. I 2009 tok ho andreplassen ved Skeise-VM på Hamar, bak tsjekkiske Martina Sáblíková og framom nederlandske Ireen Wüst. Fire veker seinare vann Groves ein gullmedalje i lagtempo og to bronsemedaljar (5 000 og 3 000 m) ved distanse-VM i Richmond i British Columbia. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver vann Groves sølv bak Ireen Wüst på 1500 m, bronse på 3 000 m og ho vart nummer 4 på 1000 m, nummer 5 i lagtempo og nummer 6 på 5 000 m. På tampen av OL-sesongen la ho beslag på sølvplassen i firkamp-VM i Heerenveen, eit halvt tidspoeng bakom Martina Sáblíková.
Groves la opp i 2011.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kristina Groves» frå , den 3. mars 2024.
Kategori:Canadiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Canada Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Canada Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Folk frå Ottawa