Bodega Band er eit norsk jazzorkester skipa i i Trondheim i 1929. Det er ein del av Studentersamfundets Orkester ved Studentersamfundet i Trondheim.
Den opphavlege sekstetten blei grunnlagd under UKA og leidd av den seinare skipsingeniøren og verftsdirektøren Johan David Behrends (1910–90) frå Bergen.80 år fra NTB tekst den 13. juli 1990. Besetninga var Arnfinn Hjulstad (tenorbanjo), Behrens (fiolin), Arvid Ruud (batteri), Leif Berg Jansen (trompet), Hans Sørum (piano) og Erik Müller (tenorsax). Heimescena var «Bodegaen» i Studentersamfundet, men orkesteret turnerte elles ein del i landet.
Bandet hadde ein av svært få kvinnelege utøvarar i pianisten Inger Mikkelsen Røsoch (1905–1997). Bodega Band fungerte som revyorkesteret under UKA og var fram til andre verdskrigen ein hyppig gjest i Sverige. Frå 1945 var leiaren og arrangøren Ragnvald Sexe sentral i utvidinga til eit 12-manns orkester. Kring 1953 var Per Dreier dirigent ei tid. Etter ei tid i dvale kom det ny giv kring 1958 med dirigenten og klarinettisten Jostein Gjersvik. Han hadde med seg trombonisten og den seinare musikkprofessoren Asbjørn Krokstad, og dessutan trommeslagaren Bonsak Schieldrop. Bandet utvikla en 17-manns besetning etter modell av Count Basie, og var rekna som eitt av dei fire–fem viktige storbanda i landet med standardlåtar på reportoiret.
Rundt 1971 kom pianisten og arrangøren Per Husby frå Oslo med, og var saman med akustikaren og bassisten Jan Tro frå Kirkenes sentral i ei kursendring med større innslag av eigen musikk. Dei blei hjelpte av utøvararar og komponistar som trompetisten og kjemistudenten Lars Martin Thomassen frå Molde, gitaristane Eirik Lie/Tor Halmrast og Torgeir Døssland på altsax og klarinett. Eit høgdepunkt var besøket i 1972 av den amerikanske trompetisten og instruktør Clark Terry. Kilde: Eirik Lie, Oversikt over bandets besetning og utgivelser fra 1970 og -80-tallet
I denne perioden hadde gruppa også turné til Reykjavík (1978), konsertar på Moldejazz (1977) og Festspillene i Nord-Norge (1973), og dessutan tre plateutgjevingar med eigen musikk, på Plateselskapet, Studentersamfundet i Trondhjem (1973, 1974 og 1977). Sidan etableringa av jazzlinja på NTNU har gruppa fått eit større tilfang av utøvarar. Jarle Førde var leiar frå 1981.Jubilant nede for telling? i Universitetsavisa i 1999. Vigleik Storaas var leiar ei tid frå 1990, då bandet også fekke ei omorganisert form. Eldbjørg Raknes (vokal) og David Gald (tuba) har også medverka.
Utgjevingar
1973 – Bodega Band 1974 – Bodega Band 2 1977 – Bodega Band 3 1987 – Bodega Band Vol. IV 1992 – En flik av...
Representert på
2003 – Aérien Voyage 2005 – Footprints: Jazz in Norway vol.5: 1970-1980
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bodega Band» frå , den 10. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1929 Kategori:Norske storband Kategori:Norske jazzgrupper Kategori:Musikk i Trondheim Kategori:Studentersamfundet i Trondhjem