mini|Kart over Stor-Hellas frå kring 1920. Politikaren og juristen Eleftherios Venizelos og ein kvinnefigur med det greske flagget er innsett.
Gresk historie går tilbake til grekarane sitt innkome til Europa ei tid før 1500 f.Kr., sjølv om det berre har vore ein uavhengig gresk stat kalla Hellas sidan 1821.
Gresk historie går likevel langt utanfor grensene til dagens Hellas. Så tidleg som det 7. hundreåret f.Kr. hadde grekarane kolonisert delar av det som no er Tyrkia, Kypros, Italia og Libya. Erobringane til Aleksander den store i 4. hundreåret f.Kr. gav grekarane styre over Anatolia, Egypt, Syria og Mesopotamia. Som delar av Det bysantinske riket var desse og andre område deler av den greske verda i mange hundreår. Frå 1400-talet levde nesten alle grekarar under osmansk styre.
Førhistoriske Hellas mini|Leirefigur frå Kreta frå kring 5300–3000 f.Kr.
Eldre steinalder i Hellas tok til for rundt 3,3 millionar år sidan og varte til rundt 20000 f.Kr. Viktige geomorfologiske og klimatiske endringar fann stad som var viktige for utviklinga av flora og fauna i området, og for overlevinga til Homo sapiens. Mellomsteinalderen tok til kring 13000 f.Kr. og enda rundt 7000 f.Kr., og var ein periode med lang, sakte utvikling av primitive menneskelege «protosamfunn».
Yngre steinalder tok til med etableringa av jordbrukssamfunn rundt 7000 f.Kr., og enda rundt 3200–3100 f.Kr. Det danna grunnlaget for tidlege bronsealderkulturar, og utvikla dei fyrste organiserte samfunna og grunnleggjande kunst.
Egeisk kultur
Den fyrste sivilisasjonen som dukka opp kring Hellas var den minoiske sivilisasjonen på Kreta som varte frå kring 3000 til 1450 f.Kr.,. og den tidlege helladiske perioden på det greske fastlandet frå kring 2800 f.Kr. til 2100 f.Kr.
Det finst lite spesifikk informasjon om minoarane. Sjølv namnet er ei moderne nemning som er henta frå Minos, den legendariske kongen på Kreta. Dei er blitt karakteriserte som urindoeuropeisk folk, truleg dei språklege forfedrane til dei etokretisk-talande folka i den klassiske antikken. Språket deira blei skrive ned med Linear A og kretiske hieroglyfar. Ingen av skrifttypane er blitt tyda for ettertida. Minoarane var primært eit handelsfolk som deltok i oversjøisk handel og drog nytte av dei rike naturressursane til sitt land. Øya var på den tida rik på tømmer som blei kommersielt utnytta og eksportert til nærliggjande land som Kypros, Egypt og Dei egeiske øyane.
Sjølv om det rår stor uvisse om forfallet deira, blei dei til slutt invaderte av mykenarar frå fastlandet. Denne invasjonen fann stad rundt 1400 f.Kr., og saman med det minoiske utbrotet var det eit sannsynleg scenario for slutten på den minoiske sivilisasjonen. Ifølgje denne teorien blei den minoiske flåten og hamnene øydelagt så mykje at dei ikkje kunne reparerast av enorme bølgjer frå Middelhavet. Moglege klimatiske endringar påverka avlingane i mange år som igjen ville ha ført til hungersnaud og sosialt samanbrot. Den mykenske invasjonen fullførte det siste kapittelet i ein sivilisasjon som blomstra i rundt 1600 år.
Mykene mini|Mykenske Hellas, ca. 1400–1100 f.Kr. mini|Det restaurerte Attalos Stoa i Aten. Mykensk Hellas, også kjent som gresk bronsealder, er den seine helladiske bronsealder-sivilisasjonen i det antikke Hellas. Han varte frå grekarane slo seg ned ved Egearhavet rundt 1600 f.Kr. til sivilisasjonen braut saman rundt 1100 f.Kr. Dette er den historiske bakgrunnen for eposa til Homer og mykje anna i gresk mytologi. Den mykenske perioden har namn etter den arkeologiske utgravingsstaden Mykene i det nordaustlege Argolída på Peloponnes i det sørlege Hellas. Aten, Pýlos, Theben og Tiryns er også viktige mykenske funnstader.
Mykensk sivilisasjon blei dominert av eit aristokrati av krigarar. Rundt 1400 f.Kr. utvida mykenarane kontrollen sin til Kreta, og tok i bruk minoarane si linear A-skrift til å skriva den tidlege forma si for gresk. Den mykenske skrifttypen blir kalla Linear B, og blei offisielt dechiffrert i 1953.
Mykenarane gravla adelsmennene sine i tholosar, store sirkulære gravkammer med eit høgt boga tak og rette inngangar dekte av stein. Dei gravla ofte dolkar eller andre former for militært utstyr med den avdøde. Adelsfolk blei ofte gravlagde med gullmasker, tiaraer, rustning og våpen utsmykka med juvelar. Mykenarane blei gravlagde sitjande, og nokre adelsfolk blei mumifiserte.
Rundt 1100 f.Kr. braut den mykenske sivilisasjonen saman. Fleire byar blei plyndra, og regionen gjekk inn i det som historikarane ser på som dei mørke hundreåra. I løpet av denne perioden opplevde Hellas ein nedgang i folketal og skrifkultur. Grekarane sjølv la skulda for denne nedgangen på ein invasjon av ei anna bølgje med greske folkeslag, dorarane, men det er sparsame arkeologiske bevis for dette synet.
Mørke hundreår Dei mørke hundreåra i Hellas (ca. 1200–800 f.Kr.) viser til perioden i gresk historie frå den antekne doriske invasjonen og slutten på mykensk sivilisasjon på 1000-talet til dei fyrste greske bystatane oppstod på 800-talet f.Kr. og eposa til Homer og dei tidlegaste skriftene med det greske alfabetet på 700-talet f.Kr.
Samanbrotet til Mykene fall saman med fallet til fleire andre store rike i Det nære austen, som hettittane og Egypt. Årsaka kan koma av ein invasjon frå dei såkalla havfolka, som nytta våpen av jern. Då dorarane kom inn i Hellas, var også dei utstyrte med overlegne jernvåpen, og klarte enkelt å spreia dei svekte mykenarane. Perioden som følgde desse hendingane blir kollektivt kalla «dei mørke hundreåra».
Arkeologi viser ein kollaps i sivilisasjonen i den greske verda på denne tida. Dei store palassa og byane til mykenarane blei øydelagde eller forlatne. Det greske språket blei ikkje skrive lenger. Greske vasar frå denne tida hadde enkle geometriske former og mangla den figurative dekorasjonen til mykenarane. Grekarane i denne perioden levde i mindre og færre busetjingar, noko som tyder på hungersnaud og avfolking. Det finst ikkje utanlandske varer på dei arkeologiske stadene, noko som tydar på eit minimum av internasjonal handel. Kontakten mellom utanlandske makter var også borte i denne perioden, noko som gav lita kulturell utvikling eller vekst av noko slag.
Kongar herska gjennom denne perioden til dei til slutt blei erstatta av eit aristokrati. I nokre område danna det seg endå seinare eit aristokrati innanfor aristokratiet, ein elite i eliten. Krigføringa endra fokus frå kavaleri til større vekt på infanteri. Jern erstatta bronse i produksjonen av verktøy og våpen, både på grunn av at det var billig å produsera, men også på grunn av lokal tilgang. Sakte voks det fram likskapar mellom dei ulike sektorane i folket, noko som førte til at dei ulike kongane blei avsette og familiane voks fram.
Familiane byrja å rekonstruera fortida si i forsøk på å knyta ættetavlene sine til heltar frå trojanarkrigen, særleg Herakles. Det meste av dette var legender, men noko blei sortert av poetar i skulen til Hesiod. Dei fleste av desse dikta er tapte, men nokre kjende «forteljingsforfattarar», som dei blei kalla, var Hekataios frå Milet og Akusilaos frå Argos.
Ein går ut frå at eposa til Homer inneheld ein viss grad av tradisjon som er blitt munnleg overlevert i den mørke tidsperioden, men i kva grad er omdiskutert.
På slutten av denne stagnasjonsperioden opplevde den greske sivilisasjonen ein renessanse som spreidde den greske verda så langt som til Svartehavet og Spania. Skrivekunsten blei lært att frå fønikarane, og spreidde seg til slutt mot nord, inn i Italia og Gallia.
Hellas i antikken
Antikke Hellas er rekna av dei fleste historikarar som den grunnleggjande kulturen i vestleg sivilisasjon. Gresk kultur hadde mektig innverknad på Romarriket, som førte ein versjon av han til mange delar av Europa. Den antikke greske sivilisasjonen har hatt enorm innverknad på språk, politikk, utdanningssystem, filosofi, kunst og arkitektur i den moderne verda, særleg i renessansen i det vestlege Europa og igjen under ulike neoklassisistiske fornyingane på 1700- og 1800-talet i Europa og Amerika.
Polis Den grunnleggjande eininga i politikken i det antikke Hellas var ein polis, nokre gonger omsett som bystat. «Politikk» betyr bokstaveleg talt «tinga til polisen». Kvar by var sjølvstendig, i det minste i teorien. Nokre byar kan ha vore underordna andre. Dei tretti tyrannane i Aten var til dømes innsette av Sparta etter Peloponneskrigen. Den øvste makta i kvar by låg innanfor denne byen. Dette betydde at når Hellas gjekk til krig, fyrst og fremst mot det persiske riket, danna byane ein allianse for å føra krig. Ordninga gav også mange moglegheiter for krigar innanfor Hellas mellom ulike byar.
Hellas danna ingen klart avgrensa geografiske område, men spreidde seg over den greske halvøya, over øyane i Egearhavet og langs kysten av Anatolia. Det var greske samfunn og polisar langs Svartehavet, i sørlege Italia og på Sicilia, og så langt unna som langs kysten av Frankrike og i Spania. Truleg skapte den karrige jorda på det greske fastlandet og befolkningsvekst grunn til at grekarane spreidde seg og utvandra, men dei heldt på ein felles kultur og språk.
Oppblomstring av gresk kultur Dei fleste av dei greske namna som i dag er allment kjende blomstra i denne tidsperioden. Blant poetane var Homer, Hesiod, Pindaros, Aiskhylos, Sofokles, Evripides, Aristofanes og Sappho aktive. Kjende politikarar og maktpersonar inkluderte Themistokles, Perikles, Lysander, Epaminondas, Alkibiades, Filip II av Makedonia og sonen hans Aleksander den store. Platon skreiv til liks med Aristoteles, Heraklit, Parmenides, Demokrit, Herodot, Thukydid og Xenofon. Nesten all matematisk kunnskap som blei formalisert i Euklid sitt verk Element på byrjinga av den hellenistiske tida blei utvikla i denne perioden.
Persarkrigane og Peloponneskrigen mini|Kart over denatenske alliansen i 431 f.Kr., like før Peloponneskrigen braut ut. To store krigar forma den antikke greske verda. Persarkrigane (500–448 f.Kr.) er gjenfortalt i Herodot si Historie. Joniske greske byar gjorde opprør mot det persiske riket og blei støtta av nokre av byane i heimlandet. Dei blei til slutt leia av Aten. Kjende slag frå denne krigen inkluderer Marathon, Thermopylae, Salamis og Plataiai.
For å gjennomføra krigen og kunne verna Hellas mot fleire persiske angrep seinare, grunnla Aten det atenske sjøforbundet i 477 f.Kr. Opphavleg skulle kvar by i forbundet bidra med skip og soldatar til ein felles hær, men etter kvart tillét (og seinare tvinga) Aten mindre byar til å bidra med midlar slik at dei kunne forsyna skipet deira. Utbrot frå forbundet kunne straffast. Etter militære tiltak mot persarane blei skattekista flytta frå Delos til Aten og styrka kontrollen byen hadde over forbundet endå meir. Det atenske sjøforbundet blei til slutt omtalt som det atenske imperiet.
Medan persarkrigane framleis gjekk føre seg, braut det i 458 f.Kr. ut krig mellom sjøforbundet og det peloponnesiske forbundet, som bestod av Sparta og forbundsfellane deira. Etter nokre kampar utan avgjerd, skreiv dei to partane under på ein fredsavtale i 447 f.Kr.
Denne freden skulle vara i tretti år, men han heldt berre til 431 f.Kr. då Peloponneskrigen braut ut. Hovudkjeldene til denne krigen er Thukydid si ‘Soge om Peloponneskrigen’ og Hellenika av Xenofon.
Krigen byrja over ein krangel mellom Kérkyra og Epidamnos. Epidamnos var ein så liten by at Thukydides måtte fortelja lesarane sinekvar han var. Korint gjekk inn i konflikten på Epidamnos si side. I frykt for at Korint skulle erobra den kerkyriske marinen intervenerte Aten, den einaste staten med ein større marine. Aten hindra Korint frå å gå i land ved Kérkyra i slaget ved Sybota, omleira Poteidaia og la ned forbod mot all handel med den nærliggjande allierte staten til Korint, Mégara, i det megariske dekretet.