Rossvoll er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre. Eit smalt sund skil ho frå øya Smøla i nord. Bilvegen frå hovudøya Smøla til Edøya og ferjeleiet til fastlandet går over øya. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.

Det er fleire gravrøyser frå bronsealder/jarnalder på Rossvoll. Øya var busett då dei eldste skattemanntala vart skrivne i 1520, og truleg allereie i jarnalderen.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet 24 51

Jøa var del av Edøy kommune fram til 1960.

Kjelder

Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind II, Smøla kulturstyre Kulturminnesøk

Kategori:Øyar i Smøla