Múte Inequnaaluk Bourup Egede () er ein grønlandsk politikar som var landsstyreformann på Grønland (grønlandsk ) frå 23. april 2021 til 7. april 2025. Han har vore medlem av sidan 2015 og sidan 2018 har han vore formann for .
Liv og virke Egede blei fødd i Nuuk, men vaks opp i Narsaq sør på Grønland. Han gjekk på gymnaset i før han i 2007 byrja å studere kultur- og samfunnshistorie ved Grønlands Universitet. Mellom 2011 til 2012 var han nestformann for KISAQ, Grønlands akademiske studentforeining. Han fullførte ikkje utdanninga, då han i 2013 droppa ut for å overta familiebedrifta, som faren hans dreiv.
I 2007 var Egede medlem av det grønlandske ungdomsparlamentet, , og frå 2013 til 2015 var han formann for Inuusuttut Ataqatigiit, ungdomspartiet til Inuit Ataqatigiit. Sidan 2013 har han vore hovudstyremedlem for Inuit Ataqatigiit.
Ved Folketingsvalet i 2015 var Egede på partilista for Inuit Ataqatigiit. Han fekk 2 131 røyster, noko som ikkje var nok til ein plass i Folketinget.
Frå 2016 til 2018 tena Egede som (sjølvstyreminister) for råstoff, der han samstundes, i tre månader i 2017, var fungerande naalakkersuisoq for kommunar, bygder, utkantstrøk, infrastruktur og bustadar.
Den 1. desember 2018 blei Egede vald til formann for Inuit Ataqatigiit, og etterfølge dimed i formannsposten. Han leia partiet opp mot Landstingsvalet i 2021, der IA med 36,6 % av røystene blei det største partiet. Egede blei med 3 380 personrøyster den politikaren som fekk flest personrøyster, og mottok meir enn 1 500 personrøyster fleire enn den sitjande landsstyreformannen Kim Kielsen frå partiet Siumut.
Politikk og ideologi Egede er formann for Inuit Ataqatigiit, som blir skildra som å vere sosialistiske. I likskap med partiet går Egede inn for grønlandsk sjølvstende.
Privatliv Saman med sin tidlegare sambuar, Tina Chemnitz, har Egede ei dotter og ein son.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Múte Bourup Egede» frå , den 10. januar 2024.
Kategori:Grønlandske politikarar Kategori:Grønlandske landsstyreformenn Kategori:Folk frå Nuuk