Susanne Oliver Haaland () er ein norsk fotballspelar som spelar for i den kanadiske toppserien .
Utanom fotball er Haaland vitskapeleg assistent ved det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.Susanne Oliver Haaland Vitenskapelig assistent - Institutt for privatrett , uio.no
Klubbkarriere Stabæk Haaland fekk sin seriedebut for A-laget til Stabæk den 15. august 2015 mot . Stabæk leia 3-0 då ho blei bytta innpå i det 90. minuttet. I løpet av sine to sesongar for Stabæk spelte ho to seriekampar og fire cupkampar.
Øvrevoll Hosle I 2017 gjekk Haaland til i første divisjon. Ho spelte 72 kampar i løpet av dei fire sesongane ho spelte for klubben.
Kolbotn I 2021 drog Haaland til Kolbotn, og var ein sterk bidragsytar då klubben rykka opp til Toppserien igjen i 2023. Etter opprykket signerte ho ein ny kontrakt med klubben ut 2024-sesongen. Tidleg ut i 2024-sesongen pådrog ho seg ei skade, som gjorde at ho gjekk glipp av store delar av sesongen.
Mot slutten av 2024-sesongen avslørte lokalavisa at berre ein spelar i Kolbotn hadde kontrakt med klubben etter 2024-sesongen. Då Haaland, som var kaptein for Kolbotn, blei intervjua om situasjonen uttrykte ho at det var «mye snakking og usikkerhet i spillergruppen og lite info fra klubben». I same intervju kom det også fram at Haaland var ynskt med vidare. Den 16. desember blei det derimot kjent at ho hadde fått beskjed om at «hun ikke kunne garanteres spilletid, at hun ikke var betegnet som et salgsobjekt av klubben, og at hun derfor ikke var med i klubbens planer lenger», og var dimed ferdig i klubben.
Ottawa Rapid Den 20. januar 2025 blei det kjent at Haaland hadde signert med den nyetablerte kanadiske klubben i .
Landslagskarriere Haaland har representert Noreg på J16-, J17- og J19-landslaget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Susanne Haaland» frå , den 15. mars 2025.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Stabæk-spelarar Kategori:Øvrevoll Hosle-spelarar Kategori:Kolbotn-spelarar Kategori:Ottawa Rapid-spelarar Kategori:Spelarar i Toppserien Kategori:Spelarar i Northern Super League