Sverre Johannes Aarseth () var ein norsk forskar ved Institute of Astronomy ved University of Cambridge.

Aarseth var son til ein prest og voks opp fleire stader i Noreg. Sjølv utdanna han seg i astronomi, flytta i unge år til Storbritannia og levde der livet ut. Han forska mykje på utviklinga av N-lekamkodar («ein kode» i astrofysisk sjargong refererer til eitt eller fleire dataprogram. Forskningsområda hans omfatta effektane av stjerneutvikling i N-lekamkodar, påverknaden av svarte hol på stjernesystem, utviklinga av kulehopar og bruken av GPUar for å auke farta i kodane hans.

Aarseth vart tildelt Brouwer-prisen i 1998 for sitt arbeid med å fremje dynamisk astronomi. Asteroiden 9836 Aarseth er kalla opp etter han.

Utanom forskninga interesserte han seg fjellklatring, fotturar og dyreliv. Han var også ein ivrig sjakkspelar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sverre Aarseth» frå , den 6. mai 2025.

Kategori:Norske astrofysikarar Kategori:Norske astronomar