Edvard VI av England () av huset Tudor var konge av England og Irland frå han overtok etter far sin Henrik VIII den 28. januar 1547 som niåring til 6. juli 1553 då han døydde berre femten år gammal av ei ukjend årsak.
Han var son av Henrik VIII og hans tredje kone Jane Seymour. Han var den tredje monark av det unge Tudordynastiet på den engelske trona. Året då Edward fylte 10 år døydde far hans og han overtok makta i England og Irland. Ettersom han var mindreårig blei det oppretta eit råd, fyrst leia av morbroren hans, Edward Seymour, hertugen av Somerset, som regjerte i hans stad, medan Edvard berre hadde seremonielle oppgåver. Det var mange som kiva om makta på denne tida, og etter kraftig renkespel blei John Dudley, Earl of Warwick den nye leiaren for kongerådet, medan Edward Seymour blei fengsla i Tower of London.
Faren Henrik VIII hadde brote sambandet mellom den engelske kyrkja og Roma, men det var i Edvard sin regjeringsperiode at den protestantiske trusretninga offisielt blei etablert i England som statsreligion. Det blei innført fleire reformer som skulle sikra ein tydeleg overgang til protestantismen. I regjeringstida til Edvard mista England igjen kontrollen over Skottland, og det var generelt ei økonomisk nedgangstid. Sosial uro frå før han overtok makta spissa seg til, og konfliktane med Frankrike auka.
Edvard var ofte sjuk, og døydde av ei ukjend årsak før han fylte 16 år. Han blei gravlagd i Westminster Abbey i London. Då ein såg det gjekk mot slutten, tilrådde rådgivarane hans å ekskludera dei to halvsøstrene sine, den katolske Maria og den moderate protestanten Elizabeth, frå trona, og heller gje makta til lady Jane Grey, som var ein svoren protestant. Etter at Edvard døydde heldt striden fram om tronfølgjaren. Lady Jane var dronning i berre ni dagar, og då berre i namnet, før ho blei erstatta av Maria I. Ho annullerte mange av dei protestantiske reformene til Edvard.
Tidleg liv venstre|mini|Prins Edvard i 1538 Edvard blei fødd i Hampton Court Palace i Middlesex. Han var son av kong Henrik VIII og den tredje kona hans, Jane Seymour, som døydde tolv dagar etter fødselen av barselfeber. Det er blitt hevda at Jane mista livet som følgje av eit keisarsnitt, men dette kan ikkje bevisast. Kongen blei djupt opprørt over døden til dronninga. Han omtalte henne som si einaste sanne kone, då ho var den einaste som hadde fødd han ein son.
Edvard fekk tittelen hertug av Cornwall allereie frå fødselen av, og blei prins av Wales nokre dagar seinare. Han blei døypt 15. oktober, med den 21 år gamle halvsystera si Mary som gudmor og den 4 år gamle halvsystera Elizabeth som berar av dåpskledet.. Henrik stod for den tidlege pleia av sonen sin, og valde guvernanter for han. Blant dei mest kjende var «Lady Mistress», lady Brian.
Kongen var særs nøgd då han fekk ein mannleg arving. Dei tidlegare konene hans, Cathrine av Aragón (mor til Maria) og Anne Boleyn (mor til Elisabeth), hadde ikkje fødd søner. Begge ekteskapa blei oppløyste: Anne Boleyn blei avretta, og Maria og Elisabeth mista arveretten til den engelske trona. Dei blei tekne inn i arvefølgja att av Edvard i 1544.
Fram til nyleg har ein trudd at Edvard sleit mykje med helsa i tidlege år, men seinare er det kome prov på at han var mykje meir robust enn antatt. Det er blitt lagt fram teoriar om korleis han også hadde ei form for syfilis eller tuberkulose. Då prinsen var 4 år gammal leid han av høg feber. Edvard kom seg raskt frå andre sjukdommar seinare, og hans eigen journal hevder at han ikkje hadde ein einaste sjukdom bortsett frå eit lite meslingutbrott i 1552. Hertugen av Northumberland var regent for den mindreårige kongen, og skal ha arbiedd for å tilretteleggja for styret til Edvard styre når han fylte 16 år og blei myndig, så den tidlege døden hans kom nok uventa på hertugen. mini|Edvard som seksåring. Måleri av Hans Holbein den yngre. Dei antekne fysiske vanskane til Edvard sinka ikkje undervisinga. Han var eit svært glupt barn og kunne lesa og snakka latin og gresk allereie som 7-åring. Dei viktigaste læremeistrane hans var biskop Richard Cox, sir John Cheke og Jean Belmain. Desse var dyktige lærarar og gav han innføring i dei humanistiske ideane til Erasmus og Vives. Henrik VIII valde læremeistrane ut frå at dei var humanistar, og kanskje også fordi dei var moderate protestantar, slik at Edvard ikkje skulle bli oppseda som katolikk. Undervisinga av Edvard var inspirert av reformasjonen som florerte i Nederland og Tyskland. Seinare lærte han fransk og gresk, og som trettenåring skreiv han stilar på andrespråka sine. Edvard var glad i stemora si, Catherine Parr, og skreiv tre brev til henne, på tre ulike språk, fransk, engelsk og latin. Han skreiv også brev på latin til dei eldre søstrene sine. Han kalla dei «Sweet Sister Temperance». Edvard hadde sterke kjensler for halvsystera Mary, han refererte henne som «ho han elska mest» av søstrene i eitt brev til Mary i 1546, men det blei ofte litt kjølig mellom dei ettersom Mary var katolikk og Edvard protestant.
Somerset som regent
Regentrådet venstre|mini|Hertugen av Somerset, Lord Protector for kongen. Edvard var berre 9 år då faren Henrik VIII døydde den 28. januar 1547. Kongen skreiv i testamentet sitt at 16 av mennene hans skulle fungera i eit regentråd på vegner av den mindreårige kongen fram til han blei 18 år. Seinare blei det likevel bestemt at Edvard VI skulle gjerast myndig som 16-åring. Medlemmene i regentrådet hadde også assistentar som skulle tre inn når dei rekna det for passande. Medlemmene var alle tilhengjarar av reformasjonen. Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk, Stephen Gardiner og Thomas Thirlby var motstandarar av reformasjonen og var derfor ikkje innlemma i rådet. Straks etter at Edvard blei konge utnemnde rådet onkelen hans Edward Seymour, jarl av Hertford, til Lord Protector. Nokre dagar etter at Henrik var død blei han utnemnd til hertug av Somerset, riksskattmeister og Earl Marshal. Edvard VI blei krona i Westminster Abbey den 20. februar 1547.
Det fanst folk som lurte på om rådet handla i tråd med testamentet til den gamle kongen. Derfor søkte alle medlemmene i rådet kongen om danninga av eit nytt råd. Edvard oppretta eit nytt råd, med 26 medlemmer, inkludert dei 12 assistentane, utanom Thomas Wriothesley, 1. jarl av Southampton (som hadde tenestegjort som rikskanslar men hadde misbrukt makta, og delegert makt til andre offiserar), og Edward Seymour. Han var Lord Protector og skulle berre handla etter viljen til rådet. Likevel fekk han stor makt over styresmaktene, då han sa at regentrådet sitt eige påfunn. Lord Protector blei altså den eigentlege herskaren over England, og kong Edvard tok berre på seg seremonielle oppgåver. Styret til Somerset viste seg å vera meir miskunnsamt, mindre strategisk, meir ideelt og mindre praktisk. Henrik VIII sitt «landssvik» og «falske lære» blei fjerna eller forandra. Dette resulterte i sosial og politisk uro.
Resultatlaus styring Hertugen av Somerset hadde til hensikt å samla England og Skottland til ein union. I 1547 marsjerte engelske troppar i Skottland og tok kontroll over låglandet etter slaget ved Pinkie Cleugh. Slaget sette sluttstreken for The Rough Wooing-krigane, og dei anglo-skotske krigane som gjekk føre seg på 1500-talet. I 1548 blei den 6 år gamle dronninga av Skottland, Maria, lova bort til den 4 år gamle franske arveprinsen Frans, noko som styrkte alliansen mellom Skottland og Frankrike.
Hertugen av Somerset kunne strengt tatt ikkje stå imot både Skottland og Frankrike, ettersom hans eigen posisjon var svekka. Thomas Seymour, 1 baron Seymour av Sudeley var bror til hertugen og enkjemannen etter Catherine Parr. Thomas visste å nytta seg av den svekka posisjonen til broren og planla å avsetja han, men planane blei avslørte i 1549. Hertugen la fram eit forslag i parlamentet om å få dømma Thomas utan rettssak, og forslaget blei nærast einstemmig vedtekne. Somerset nølte med å signera dødsdommen til broren, så Edvard gav motvillig innvilginga si til regentrådet. Thomas Seymour blei avretta ved halshogging den 20. mars 1549. Forholdet mellom den unge kongen og Somerset blei delvis øydelagd etter avrettinga av yndlingsonkelen til Edvard.
Den dåverande erkebiskopen av Canterbury, Thomas Cranmer, hadde stor innverknad på Edvard. Både Cranmer og hertugen av Somerset var plikta til å gjera England protestantisk. Katolske seremoniar blei bytta ut med protestantiske. Cramner si Book of Common Prayer (den allmenne bønneboka) blei gitt ut på engelsk i 1549 og erstatta dei fire gamle liturgiske bøkene på latin. Dei politiske måla med utgjevinga var å samla moderate religiøse retningar til ei protestantisk; rolla til messa og statusen til dei heilage blei meir eller mindre utviska. Boka blei sett i verknad med Act of Uniformity 1549, men blei møtt med mykje motstand, både av katolikkar og protestantar. Ivrige reformistar som John Knox blei utnemnde til hoffkapellanar. Hertugen av Somerset støtta ikkje forfølginga av katolikkar som fann stad i England på denne tida, han tok avstand frå det då han frykta at europeiske katolske monarkar ville visa vreide, då spesielt Karl V av Det tysk-romerske riket.
Bønnebokopprøret mini|Erkebiskopen av Canterbury, Thomas Cranmer, hadde stor innverknad på det protestantiske synspunktet til Edvard. Bønnebokopprøret, også kalla det vestlege opprøret, var ei rørsle med folk som motsette seg lova Act of Uniformity. Mange engelskmenn godkjende ikkje den nye bønneboka, men ho blei møtt med størst motstand i Cornwall. Språket her var kornisk, og opprørarane forklarte at dei ikkje forstod engelsk og derfor ikkje kunne lesa boka. Trass i dette endra Somerset ikkje lova: engelsk skulle vera språket i den engelske kyrkja.
Leidde av framståande katolske landseigarar i området, samla opprørarane saman ein hær på 3000 som marsjerte mot byen Exeter. Det blei venta at byen skulle slutta seg til opprørarane, men borgarmeisteren i byen nekta å opna byportane. Dette førte til ei omleiring på fem veker, noko som gav London tid til å laga ein plan.
Somerset sende Sir Peter Carew og broren for å halda den korniske hæren i sjakk fram til John Russell, 1. jarl av Bedford kunne samla saman ein hær som skulle ta knekken på opprøret. Til slutt, med troppar frå Italia og Tyskland som forsterkningar, klarte Russel å angripa og dei fleste opprørarane mista livet. Saka gjorde at populariteten til Somerset sokk.
Fallet til Somerset Bønnebokopprøret, saman med Ketts opprør same året, gjorde at hertugen av Somerset mista meir og meir støtte, sjølv i sitt eige råd. Inflasjonen og krigskostnadene førte til dobla prisar frå 1547 til 1549, og sjølv om ullproduksjonan eksploderte i denne perioden, førte inngjerdinga av tidlegare felles beiteområde til opprør og sosial uro. Den 8 august 1549 erklærte franskmennene, under Henrik II av Frankrike, krig mot England. Somerset reagerte på det store opprøret ved å foreslå for rådet sitt å ta trona frå kongen og sidan flykta til Windsor. Planen slo feil og det tok ikkje lang tid før Somerset vart send til Tower of London som fange av John Dudley, jarl av Warwick. Sjølv om Somerset fekk tilbake setet sitt i rådet ein kort periode i 1550, blei han avretta 1551.
Styret til Northumberland Somerset blei avsett og drepen, men kort tid seinare gjorde John Dudley, jarl av Warwick seg sjølv til Lord President i staden for Lord Protector. Han oppmuntra også Edvard til å erklæra seg som myndig på sekstenårsdagen sin. I 1550 inngjekk Northumberland eit forlik med bøndene i opprør, og samtidig slutta han fred med Frankrike ved å gje opp alle engelske innehavingar i Skottland og Boulogne utan kompensasjon. Til forskjell frå Somerset satsa Warwick på å innføra og tvinga gjennom ei urokkeleg form for protestantisme i tillegg til å skaffa seg sjølv større landområde og meir makt.