Ursula Burns er ein irsk harpespelar, multi-instrumentalist (harpe, piano, vokal), songforfattar, komponist og komikar frå Belfast i Nord-Irland. Ho har opptredd under ulike namn, som Ursula Burns og scenenamnet The Dangerous Harpist, og har turnert i Irland, Storbritannia, Europa, Amerika og Australia, med framføringar på sirkus, teater, komedieshow og i meir klassiske settingar. Ho har spelt på same scene som artistar som Beth Orton, The Blue Nile, Lou Reed og Jackson Browne, og har spelt solo-show i Royal Albert Hall. Harpestilen hennar er sjølvlært og utvikla til «ein hybrid mellom keltisk og paraguayansk stil, med fokus på sjølvuttrykking.»
Bakgrunn Ursula Burns voks opp i Falls Road i Belfast på høgda av dei såkalla «Troubles». Ho kjem frå ein musikalsk familie. Bestefaren hennar Charlie O'Neill var ein felespelar frå Bluestack Mountains i Donegal. Mor hennar, Marie Burns (fødd O'Neill) var ein sjølvlært harpespelar som var medlem av Belfast Writers' Group i lag med diktaren John Hewitt, og spelte med Delphic Players. Frå faren fekk ho den komiske sansen sin.
Burns byrja å framføra musikk og opptre i skodespel på skulen. Ho vann ei tevling for pianosolistar under 9 i grunnskulen, og opptredde i skuleteater ved St Louise's College i Belfast. Ho har sagt at ho fall gjennom nettet på skulen ettersom ho hadde sterk dysleksi. Ho fekk likevel spesiell inntaking på University of Ulster for å studera teater.
Ho byrja å spela harpe ganske seint i livet, då ho var 25. Mor hennar hadde kjøpt ei flatpakke paraguayansk harpe frå eit apotek i Falls Road, og Ursula, som hadde vore imot å følgja i tradisjonen til familien, fann at ho passa godt saman med harpa og klarte å læra seg sjølv å spela henne svært raskt.
I 1985 komponerte Burns to songar til eit album mora gav ut med W.B. Yeats sine dikt sett til musikk, An Appointment With W. B. Yeats, som blei skapt med løyve frå Yeats-familien. Dette var den fyrste innspelinga hennar.
Karriere Sirkus Etter å ha turnert i unge år i lag med med mor si i folkemusikkklubbar og på mellomalderbankettar, førte dagdraumar og misnøye med den harde røyndomen i heimbyen Belfast til at Ursula slutta seg til Mike Moloney sin nyoppretta Belfast Community Circus School. Ho drog på turné rundt i Nord-Irland i 1984, då ho var 14. Ursula har skildra sirkuset som ei motgift til det som fann stad i Belfast under «The Troubles». Sirkuset kom til å bli eit gjentakande tema i livet hennar. Ho vende fyrst tilbake til kunstforma med det internasjonale prisløna, irskbaserte sirkusføretaket Tumble Circus, og seinare med Circus250, med Daring Dames som det fyrste og einaste kvinnelege omreisande sirkuset i Irland.
Ursula Burns turnerte i tre år, og opptredde mellom anna med maskearbeid i Bob Frith sitt føretak Horse and Bamboo, den einaste teaterverksemda som turnerte med hest og vogn i Europa. Denne erfaringa gav henne ein djup kjærleik til musikk og ønsket om å laga ein karriere av det.
Den fyrste manageren hennar var Jonny Quinn, som seinare blei kjend som medlem av Snow Patrol. Etter han blei Ross Graham frå FreeRange Records manageren hennar. Burn gav ut den fyrst plata si, EP-en Sinister Nips, i 1997. Ho følgde opp med albumet According To Ursula Burns i 1998. Ho har finansiert sine eigne innspelingar, utan å nytta eit plateselskap.
Ifølgje Duke Special høyrde den engelske musikaren Jimmy Nail Ursula Burns på radio under ein pressetur til Belfast, likte songen og bad henne turnera med han. Ursula Burns fortel at «Jimmy Nail høyrde meg på Women's Hour, og det tok han seks veker å finna meg. Han bad meg koma på ein turne med 50 konsertar for On the Boards, som spelte for 3000 menneske kvar kveld og enda i Albert Hall.»
I 2007 komponerte ho musikk til det nordirske barneteaterkompaniet Cahoots, til førestillinga The Flea Pit, som blei framført i ein ombygd hestetilhengjar med ein publikumskapasitet på 15. Ho heldt fram med show og turnear som omfatta The Snail and the Whale, The Family Hoffman's Mystery Palace, Leon and the Place Between, og The Assistant's Revenge.
Komedie
I 2012 skreiv Burns den komiske songen «It Doesn't Rock», som ho vann ein Irish Musical Comedy Award for. Dei neste fem åra turnerte ho med musikalsk komedie. Ho opptredde på fleire konsertstader og festivalar, inkludert Glastonburyfestivalen, Electric Picnic, Belfast Festival og mange fleire. I 2018 blei ho invitert til å gjera ein tolking av eit stykke frå Van Morrison sitt album Astral Weeks for eit spesielt BBC Radio Ulster-show, 50 Years of Astral Weeks. Ho valde «Madame George», som ho spelte i omarbeidd versjon på harpe.
I 2019 blei Ursula Burns med i tv-programmet Britain's Got Talent, der ho nådde semifinalen. Burns fann delar av opplevinga traumatiserande, og fann at ho ikkje kunne skriva på ei stund. Ho vende tilbake til opptreden med showet The Trucking Harpist på Edinburgh Fringe i 2022.
Komposisjonar Albumet The Secret Melodies of Trees var det fyrste albumet til Ursula Burns som berre inneheldt hennar eigne harpeinstrumentalar. Ho fekk inspirasjon til albumet etter å vera til ein harpefestival på Asunción. Der merka ho seg musikalske trekk ved den paraguayanske stilen, som store tal notar og ein svært rytmisk og ornamentert spelemåte. Ho drog heim og spelte fire timar kvar dag den vinteren.
For å gjere noko spesielt for å markera 30-årsjubileet sitt som harpespelar fekk Burns ideen om å dokumentera den organisk utvikla stilen, teknikken og komposisjonen sin, nett som Edward Bunting gjorde for Belfast Harpers Assembly (eller Belfast Harp Festival) i 1792, der han dokumenterte ein hundrevis av år lang tradisjon med harpespelarar og melodiane deira. Ho byrja å skriva det nye albumet sitt, og nemnde som inspirasjonskjelder spesifikke referansepunkt som fuglesong ho hadde høyrt då ho budde i slottet til Eliza Lynch (den Cork-fødde elskarinna til den andre presidenten av Paraguay, Francisco Solano López), som ho gjorde til eit motiv i «El Jardín de Eliza Lynch», eller oppvakninga frå ein lur i slottshagen til synet av fallande jacarandablomar i «Dreaming in Violet as Jacaranda Petals Fall». Albumet er ei blanding av paraguayanske inntrykk og betraktningar frå landskap nærare heimen («A Wish on the Road to Coleraine», «Night Circus at Bog Meadows»), saman med klager over miljømistak i Nord-Irland («Where the Sycamore Used to Be»).
Albumet blei spelt inn tidleg i 2024 i Redbox Studios i Belfast av musikaren Dónal O'Connor, som også bidrog med fele, keyboard, bass, vokal og perkusjon. John McSherry, grunnleggjar av irske trad-grupper som Lúnasa, Tamalin, Ulaid og At First Light (dei to siste med Dónal), la til uilleann pipar og fløyter. The Secret Melodies of Trees blei utgjeven den 11. oktober 2024.
Diskografi
EP-ar
Sinister Nips, 1997
Album
According to Ursula Burns, 1998 SPELL, 1999 Rollercoaster Castaways, 2003 Deep in the Dreaming, 2006 The Dangerous Harpist, 2016 Tidal Timelines, 2020 The Secret Melodies of Trees, 2024
Som bidragsytar
An Appointment With W.B. Yeats (Marie O'Neill), 1988 Unfit the Picture (Victoria Geelan), 2014 Charm (Maria Doyle Kennedy), 2001
Prisar og utmerkingar
2012 - Vinnar av den fyrste Irish Music Comedy Awards 2013 - Nominert til Malcolm Hardee Award for Comic Originality 2016 - Honourable Mention, Comedy/Novelty-kategorien for International Songwriting Competition 2023 - Vinnar, Everywoman Global TV Award for Outstanding Innovative Harpist of the Year
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ursula Burns (Irish musician)» frå , den 22. august 2025.
Kategori:Musikarar frå Belfast Kategori:Nordirske harpistar