«Espresso Macchiato» er ein song av den estiske rapparen Tommy Cash. Han vart skriven av artisten sjølv saman med Johannes Naukkarinen. Songen vart gjeven ut på eige merke 6. desember 2024. Songen er skildra av artisten som ei forteljing om ein italiensk mann og inneheld ei rekkje referansar til stereotypiar knytte til italiensk kultur. «Espresso Macchiato» var det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025, der han enda på tredjeplass med 356 poeng.

Songen fekk ei sterkt splitta mottaking. Nokre kritikarar gav han god omtale for det særeigne uttrykket og den energiske musikalske komposisjonen. Andre kritiserte derimot songen kraftig for teksten, og meinte at dei makaroniske tekstlinjene og innhaldet var meiningslaust eller krenkjande overfor italienarar og italiensk kultur. Denne kritikken førte til mislukka krav frå enkelte italienske styresmakter og organisasjonar om at songen skulle stengjast ute frå konkurransen.

For å marknadsføre songen vart det gjeve ut to musikkvideoar, i tillegg til ein remix av songen laga av den italienske rapparen . «Espresso Macchiato» fekk stor kommersiell suksess i Europa og nådde førsteplass i heimlandet Estland. Songen nådde òg andreplass i fem land, topp fem i ytterlegare seks land, og topp ti i fire andre land.

Bakgrunn og komposisjon

«Espresso Macchiato» vart skriven av Tomas Tammemets (kjend under artistnamnet Tommy Cash) og Johannes Naukkarinen, medan Naukkarinen stod for produksjonen. Songen vart spelt inn i ArtDepoo Gallery i Tallinn. Han har vorte skildra av medium som ein song med ein typisk rap-flow. Teksten inneheld ei makaronisk blanding av broten engelsk, spanglish og Broccolino-dialekten av amerikansk italiensk, der Cash syng med ein stereotyp italiensk aksent. I eit intervju med Corriere della Sera uttala Cash at «Espresso Macchiato» var den «mest uskuldige songen i diskografien min … Eg ville vere strategisk og lage ein song som alle frå 2 til 78 år kunne like». Før konkurransen gav Cash ut fleire prosjekt, mellom anna «Untz Untz», ein song som kombinerte «sex og sport» for å skape ein «Sex Olympics», og som inneheldt ulike seksuelle handlingar i musikkvideoen. «Espresso Macchiato» vart gjeven ut 6. desember 2024 saman med alle dei andre songane som konkurrerte i Eesti Laul 2025, Estland sitt nasjonale uttak til Eurovision Song Contest 2025. Seinare fortalde han at han vart overtydd til å gje ut songen etter å ha høyrt reaksjonen til bestemora si.

Ifølgje Cash, som ofte lagar humoristiske songar om provoserande tema, er songen inspirert av reiser han gjorde til Italia, der han ofte spelte inn musikk. Han fortalde at orda «espresso macchiato» dukka opp i hovudet hans med «null referansar til noko anna, null noko som helst». I Rolling Stone Italia la han til at historia bak songen var «tullete», og mintest at han kom på orda etter å ha tilrådd produsenten sin å bestille ein espresso macchiato under ei reise i Italia. Han vart seinare inspirert til å delta i Eurovision Song Contest etter mottakinga av den førre singelen sin «Untz Untz», og sa til BBC: «Karrieren min er ganske fargerik, og eg har gjort så mange interessante prosjekt. Kvifor ikkje ha Eurovision på Wikipedia-sida mi og setje namnet mitt inn i historiebøkene til landet mitt?» «Espresso Macchiato» inneheld tekstar om spagetti, mafiaskikkelsar og ei rekkje andre stereotypiar knytte til italiensk kultur, noko som har gjort songen til eit omdiskutert tema i italiensk presse. I Rolling Stone Italia sa Cash at songen var meint å representere han sjølv som ein person som «ser lukke i dei små tinga», og at sjølv om han har vore ein del av musikkscena i mange år, «kjenner eg meg framleis som den fyren som kan nyte dei små augneblinka, dei heilt små tinga, som ein kaffi».

I ei analyse frå professor Daniele Monticelli ved Universitetet i Tallinn vart songen skildra som ei forteljing om italienarar, historia deira og stereotypiane som er knytte til dei. Monticelli viser til den italienske diasporaen til USA, den dårlege tilstanden i italiensk økonomi før andre verdskrigen som førte til stor utvandring, og den økonomiske oppgangen i Italia på 1950-talet som gav opphav til la dolce vita-omgrepet og seinare stereotypiane som vert framstilte i «Espresso Macchiato». I ei anna analyse frå Wiwibloggs-skribenten Ruxandra Tudor vart songen omtala som ein «liten, morosam parodi som på leikent vis gjer narr av ein italiensk livsstil», og som fortel historia om ein italiensk ristorante-eigar ved namn Tomaso som er avhengig av kaffi og tobakk. I songen, ifølgje Tudor, går Tomaso frå å vere fattig til å bli svært rik gjennom hardt arbeid – og med hjelp frå kaffi.

Musikkvideo og marknadsføring Saman med utgjevinga av songen vart det laga to tilhøyrande musikkvideoar, som vart gjevne ut høvesvis 6. desember 2024 og 16. mars 2025. Den første videoen vart lansert samstundes med alle dei andre songane som deltok i Eesti Laul 2025, og viser Cash medan han drikk ein kopp kaffi. Videoen var inspirert av ei scene frå den danske filmen 66 Scenes from America frå 1982, der den amerikanske kunstnaren Andy Warhol et ein hamburgar.

Den andre musikkvideoen vart regissert av Alina Pyazok og spelt inn i den spanske byen Barcelona. Videoen viser Cash i rolla som to ulike karakterar, der den eine er kledd i svart dress og den andre i brun dress. Etter at dei to framfører ein dansesekvens, deler dei ein kaffi ved hjelp av sugerøyr, noko som fører til at dei to karakterane smeltar saman. Den andre halvdelen av musikkvideoen skildrar ei «surrealistisk verd» med ei rekkje gjesteopptredenar, mellom anna den estiske teiknspråktolkaren Jegor Andrejev og fire dansarar som førestiller livvaktene til Cash: Kajtek Januszkiewicz, Aleksandr Luksha, Alexander Makarov og Jene’ Walker. Det siste biletet i videoen viser Cash som flyg av garde i ein ballong forma som ei kaffibønne.

For å marknadsføre songen framførte han han direkte på det italienske talkshowet Stasera c’è Cattelan på Rai 2 15. april 2025. Cash gav òg ut ein remix av «Espresso Macchiato» saman med den italienske rapparen Tony Effe 9. mai.

Mottaking Kritisk mottaking I ei Wiwibloggs-melding som samla fleire kritikarar, fekk songen 5,03 av 10 poeng, og hamna på 32.-plass av dei 37 songane som deltok i Eurovision det året i nettsida si årlege rangering. Doron Lahav frå ESC Beat rangerte songen sist totalt, og skreiv at han syntest dei makaroniske tekstane var «tvilsame og til og med respektlause». Han meinte vidare at songen totalt sett var «barnsleg». Jon O’Brien frå Vulture rangerte songen som nummer 21 totalt, og kritiserte tekstane for manglande meining, men sa at «elektro-swing–lyden à la «We No Speak Americano» ikkje var så krenkjande». Rob Picheta frå amerikanske CNN plasserte songen som nummer 11 av dei 26 finalane i Eurovision 2025, og skildra den som eit «gimmick-aktig show som karikerer italiensk kaffikultur». Ed Potton frå The Times gav songen førsteplass av alle 26 finalistane, og vurderte han til fem av fem stjerner. Han roste songen for å ha «alt – ein fengande refreng, dansbarheit, ei visjon av Italia verdig ein Dolmio-reklame og den mest storslagne vinglande dansinga på denne sida av Wigan Casino». Han meinte vidare at songen representerte «peak Eurovision». Eva Frantz frå Yle gav songen 10 av 10 og kalla han «årets mest livlege bidrag», og meinte songen var «så luftig at det er genialt». Robert Hoftun Gjestad frå Aftenposten gav songen 6 av 6, og roste både den musikalske komposisjonen og den komiske naturen til songen.

Ed Power frå The Daily Telegraph sette songen på tredjeplass på lista si over topp 10 finalebidrag å følgje, og skreiv at sceneshowet i Eurovision var «minneverdig». Mark Savage frå BBC skildra songen som ein av to bidrag som «smiskar med Italia», og kalla han «mer minneverdig, men definitivt meir sprø» enn Gabry Ponte sin «Tutta l’Italia». Angelica Frey frå The Guardian inkluderte songen i lista si over dei ti beste Eurovision 2025-songane, og samanlikna han med DJ Ötzi sin «Pronto Giuseppe!». Frey la til at songen representerte den italienske «brainrot»-trenden. Michael Hogan, ein annan journalist frå The Guardian, kalla songen «infernal fengande», og meinte at han vart framført «med ein aksent verdig ein Dolmio-reklame». Luca Arnaù frå LaC News24 definerte «Espresso Macchiato» ikkje som ein song, men som «ein oppleving. Eit eksperiment. Ei hylling til den italienske macchiettaen, krydra med tekstlinjer som verkar som dei kjem frå Google Translate på syre». Stefano Braghiroli frå Oggi meinte songen var «underleg – og kanskje litt frekk – heller enn krenkjande». Han la til at han trudde Cash hadde meint å skrive songen for at italienarar skulle like han, og sa: «Her merkar vi kanskje litt dissonans. Meir enn stereotypiar ser vi kanskje ein overfladisk kjennskap til landet vårt, utan vond vilje, men med nysgjerrigheit».

Mislykka krav om diskvalifisering

Etter songen vann Eesti Laul 2025, fekk han klager frå enkelte italienske organisasjonar og politikarar. Den italienske forbrukarorganisasjonen Codacons bad Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), som står bak Eurovision Song Contest, om å diskvalifisere songen for å «formidle eit bodskap om ein befolkning knytt til organisert kriminalitet» i februar 2025. I tillegg kravde fleire politikarar frå det italienske konservative partiet Lega Nord, inkludert Gian Marco Centinaio, visepresident i Senatet, at songen skulle diskvalifiserast. Centinaio skreiv på Instagram: «Den som fornærmar Italia bør halde seg borte frå Eurovision. Denne songaren bør kome til landet vårt for å sjå korleis skikkelege folk arbeider før han tvingar seg til å skrive slike dumme songar.» Som svar på kritikken frå Italia uttalte Cash i eit intervju med Rai Radio 2: «Eg elskar Italia og har største respekt for landet», og la til at han ikkje trudde songen ville vekkje negativ mottaking blant italienarar.

Eurovision Song Contest Eesti Laul 2025 Den estiske kringkastaren, Eesti Rahvusringhääling (ERR), organiserte Eesti Laul 2025, den 17. utgåva av den nasjonale finalen for å velje den estiske representanten til Eurovision Song Contest. Konkurransen hadde 16 songar i ein eigen stor finale 15. februar 2025. Vinnaren vart vald gjennom to røysterundar. Dei tre songane med høgast poeng i finalen gjekk vidare til ein superfinale, der vinnaren av superfinalen vann konkurransen. I første runde vart songane valde gjennom ein 50/50-deling mellom jury og publikumsrøyster. I superfinalen vart vinnarsongen vald berre gjennom telefon- og nettrøysting.

Cash vart kunngjord som deltakar den 5. november 2024 med «Espresso Macchiato», og vart trekt til å opptre som nummer 15 i finalen. I finalen fekk han førsteplass både hos juryane og publikum, og oppnådde maksimal poengsum på 16 poeng i kvar kategori, til saman 32 poeng. I superfinalen fekk Cash 41 414 telefonrøyster, om lag 83,86 % av dei totale røystene, og over 37 000 fleire enn nummer to, «Ma ei tea sind» av Andrei Zevakin. Som vinnar fekk Cash retten til å representere Estland i Eurovision Song Contest 2025.

I Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest 2025 fann stad i St. Jakobshalle i Basel i Sveits, og bestod av to semifinalear 13. og 15. mai, i tillegg til finalen 17. mai 2025. Under trekninga av semifinalar 28. januar 2025 vart Estland trekt til å delta i første semifinale i første halvdel av showet. Cash vart seinare trekt til å opptre som nummer fire, etter Klemen Slakonja frå Slovenia i Eurovision Song Contest og før Ziferblat frå Ukraina i Eurovision Song Contest.