65803 Didymos er ein binær Apollo-asteroide. Den andre asteroiden i binærsystemet er Dimorphos, og var målet for nedslagssonden DART. Sonden råka Dimorphos 26. september 2022 og endra med dette banen til Dimorphos.

Didymos har ein åsrygg kring ekvator, noko som er vanleg for binærasteroidar. Truleg vart Dimorphos danna etter ei hending der større mengder materie vart kasta av frå Didymos og danna eit nytt objekt.

Didymos vil vitjast på nytt av Hera-ferda i 2026.

Kjelder

Kategori:Asteroidar vitja av romsondar