mini|Det spanske vinnarlaget i fotball-VM 2026. Verdsmeisterskapen i fotball 2026 var det 23. verdsmeisterskapen i fotball for menn og blei arrangert i USA, Canada og Mexico. Meisterskapen blei arrangert frå 11. juni til 19. juli 2026.
Dette var første gongen ein verdsmeisterskap blei arrangert av meir enn to land, og den andre gongen av meir enn eit land. Forrige gongen var verdsmeisterskapen i 2002 som blei arrangert av Sør-Korea og Japan. Mexico blei det første landet til å arrangere tre verdsmeisterskap, då Mexico òg arrangerte VM i 1970 og 1986.
Verdsmeisterskapen i 2026 var det første til å innehalde 48 landslag, etter at FIFA godkjende utvidinga frå 32 landslag, med 12 grupper beståande av fire landslag kvar. Totalt omfattar meisterskapen 104 kamper.
Spania vann meisterskapen for andre gang, etter å ha slått regjerande meister Argentina 1–0 i finalen etter ekstraomgangar. England tok bronse etter å ha slått Frankrike 6–4 i bronsefinalen.
Søknadsprosess På same måte som i tildelingane av meisterskapane for 2018 og 2022 var reglane at land frå kontinent som hadde arrangert dei to siste VM ikkje kunne søke. Dimed var land frå Europa (som arrangerte VM i 2018) og Asia (som arrangerte VM i 2022) ekskludert frå å vere vertsland, medan land frå Sør-Amerika (sist VM arrangert i 2014), Afrika (sist VM arrangert i 2010), Nord-Amerika (sist VM arrangert i 1994) og Oseania (aldri arrangert VM) stod fritt til å søke. Dei som valde å søke var Marokko og ein fellessøknad frå Canada, USA og Mexico, der sistnemnde vann avrøystinga i juni 2018. KandidatarRøysterCanada, Mexico og USA134Marokko65Ingen av kandidatane1Avstod frå å røyster3Totalt antall røyster200
Trekking Trekkinga av gruppene i gruppespelet fann stad kl. 12:00 UTC−5 (EST) fredag 5. desember 2025, i Kennedy Center i Washington, D.C. Dei 48 laga blei delte inn i fire potter á 12 lag. Pott 1 bestod av dei tre vertsnasjonane og dei ni høgaste rangerte laga frå FIFA si verdensranking for menn i november 2025. Pott 2, 3 og 4 bestod av dei øvrige laga i henhold til rankinga. Vinnarane av dei fire UEFA-playoffene og dei to vinnarane av FIFA sine interkontinentale playoffene var ikkje kjende på tidspunktet for trekkinga, ettersom desse kampene er planlagt spelte i mars 2026, og dei blei difor automatisk plassert i pott 4. Dei 12 gruppene blei sette saman ved å trekkje eitt lag frå kvar av dei fire pottene. Lag frå samme konføderasjon kunne ikkje bli trekte i samme gruppe, med unntak av UEFA-lag, der det måtte vere minst eit og ikkje meir enn to per gruppe (inkludert plasshaldarar for UEFA-playoffvinnarane).
Dei tre vertsnasjonene var på førehand plasserte i tre grupper av hensyn til kampoppsettet. Mexico blei plassert i gruppe A og spelar opningskampen i meisterskapen på Estadio Azteca 11. juni. Canada og USA blei plassert i høvesvise gruppe B og D. Dei skal spele den tredje og fjerde kampen i meisterskapen, begge 12. juni.
Konføderasjonsavgrensinga var gjeldande for alle dei tre potensielle vinnarane av dei interkontinentale playoffene. FIFA kunngjorde også at det, «for å sikre konkurransemessig balanse», blei etablert to separate vegar til semifinalane (kvar sin side av sluttspelstablået). Basert på dette blei laga rangerte som nummer ein (Spania) og nummer to (Argentina) på FIFA-rankringa trekte i kvar si gruppe på motsette sider av sluttspelet, og det same var gjeldande for laga rangerte som nummer tre (Frankrike) og fire (England). Difor, dersom desse para vinn sine grupper, kan dei ikkje møte kvarandre før i finalen, og alle fire kan ikkje møte kvarandre før i semifinalane. Trekkinga starta med pott 1 og blei avslutta med pott 4, og kvart lag som blei trekte blei plasserte i den første tilgjengelige gruppa i alfabetisk rekkefølgje. For kampoppsettet blei laga i pott 1 automatisk plassert i posisjon 1 i kvar gruppe. For dei øvrige gruppene hadde FIFA fastsett eit førehandsbestemt mønster som definerte posisjonen til lag basert på gruppa og potten dei blei trekte frå.
+Pottane Pott 1 Pott 2 Pott 3 Pott 4 (66) (68) (72) (82) (84) (86) Vinnar playoff-sti A (UEFA) Vinnar playoff-sti B (UEFA) Vinnar playoff-sti C (UEFA) Vinnar playoff-sti D (UEFA) Vinnar playoff-sti 1 (FIFA) Vinnar playoff-sti 2 (FIFA)
Gruppespelet Alle tidspunkt er lokaltid. Gruppe A
Gruppe B
Gruppe C
Gruppe D
Gruppe E
Gruppe F
Gruppe G
Gruppe H
Gruppe I
Gruppe J
Gruppe K
Gruppe L
Sluttspelet Sekstendelsfinalar
Åttedelsfinalar
Kvartfinalar
Semifinalar
Bronsefinale
Finale
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «VM i fotball 2026» frå , den 31. desember 2025.
Bakgrunnsstoff
FIFA World Cup 2026, FIFA.com
Kategori:Fotball i 2026