mini|Dei siste bileta tekne av DART-sonden før nedslaget mini|Hubble-fotografi av Dimorphos etter DART-nedslaget syner ein lang hale av støv og større steinar slegne av Dimorphos under nedslaget Dimorphos er ein asteroide og den mindre delen av det binære apollosystemet han dannar i lag med 65803 Didymos. Han har ein diameter på kring 160 meter. Dimorphos var målet for nedslagssonden DART som råka Dimorphos 26. september 2022. Nedslaget stytta omlaupstida til Dimorphos i binærsystemet med kring 32 minutt, der den opphavlege omlaupstida var 11 timar og 55 minutt.

Dimorphos vart truleg danna etter ei hending der større mengder materie vart kasta av frå Didymos og danna eit nytt objekt.

Dimorphos vil vitjast på nytt av Hera-ferda i 2026. Eit viktig mål med vitjinga er å estimera massen til Dimorphos.

Kjelder

Kategori:Asteroidar vitja av romsondar