Svein Bredo Østlien () var ein fotballspelar og forretningsmann frå Raufoss som hausten 1973 utvandra til USA. Han var jamnast midtbanespelar.

Karriere Klubbspel Østlien var aktiv i Raufoss IL frå 1960 til 1964, eit lag som deltok i landsdelsserien og deretter i 2. divisjon. Åra 1965–1967 spelte han for oslolaget Lyn i 1. divisjon. Frå 1968 til 1973 var han på ny Raufoss-spelar, bortsett frå 1971-sesongen då han var å sjå i Lyn-drakt.

Landslagsspel Østlien spelte fem landskampar for Noreg i tida frå 1. juli 1964 til 19. mai 1965. Den fyrste og den femte kampen fann stad på Brann stadion i Bergen. Her var han fyrst med å slå Sveits 3–2 og sist vinne over Thailand med 7–0. I juni 1968 fekk han ein sjette landskamp som innbytar mot Danmark i København.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Svein Bredo Østlien» frå , den 25. mars 2026. Svein Bredo Østlien i eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Raufoss-spelarar Kategori:Lyn-spelarar Kategori:Folk frå Vestre Toten