Lars Sverre Gjørwad () var ein norsk forstmann og politikar. Perioden 1950–53 representerte han Østfold og partiet Høgre i Stortinget.

Gjørwad voks opp i Vestre Toten der faren Olav Gjørvad, opphavleg frå Sunnylven, var lærar og ei tid ordførar. Sjølv tok han i 1905 eksamen ved Statens Skogskole i Steinkjer og i 1909 ved Norges landbrukshøgskole. Han var 1910-16 lærar ved Østfold skogskole i Halden. Åra 1916-21 var han fylkesskogmeister i Oppland, deretter rektor ved skogskulen i Halden til denne vart lagt ned i 1926. Frå 1926 til 1956 underviste han ved Kalnes jordbruksskole i Tune der han leia skogbruks-avdelinga.

Gjørwad var medlem 1947–55 i kommunestyret i Tune. Hausten 1949 vart han vald til stortingsrepresentant frå Østfold fylke på ei fellesliste for Høgre, Bondepartiet og Venstre. På Tinget var han medlem i Samferdslekomiteen til juni 1952, deretter medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen. Perioden 1954-57 var Gjørwad vararepresentant til stortinget, møtte ei tid i staden for den faste representanten.

Kjelder Stortingsbiografi Fredrikstad Blad, 22. november 1960

Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957