Karl Johan Johannessen () var ein norsk fotballspelar frå Ålesund. «Kallen» spelte vanlegvis i angrep eller på midtbana. Han dreiv ei tid gatekjøken før han fekk jobb i Sunnmørsposten. Johannessen også aktiv i badminton og fremja fotballgolf.
Karriere Klubbspel Johannessen spelte i 1959 på Aksla Idrettslag sitt fotballag. I 1960-61 melde han seg inn i Sportsklubben Herd og var i 1965 og 1966 med på vinne 3. divisjon Møre, men begge åra tape kvalifiseringskampane om opprykk til 2. divisjon. Sommaren 1967 melde han overgang til oslolaget Lyn i 1. divisjon. Her vart han i 1968 seriemeister og noregsmeister. Vinteren var han med då Lyn i Spania tapte dobbeltmøtet mot FC Barcelona i cupvinnarcupen med 4 mot 5. Kallen skåra begge Lyn sine mål i den andre cupkampen 5. februar 1969. Sesongane 1970-71 var Johannessen tilbake i Herd, før han i 1972 og 1973 spelte for byrivalen Skarbøvik IF som i 1973-sesongen deltok i 2. divisjon. 1974-76 var han aktiv for Aalesunds FK. Så skifta han over til Herd att, og spelte 4. divisjonsfotball til 1984.
Landslagsspel Johannessen spelte ein einaste landskamp. 6. november 1968 i Strasbourg var han med å vinne 1–0 over Frankrike i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 1970, etter ei skåring av Odd Iversen i det 67. minutt.
Kjelder eu-football
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Herd-spelarar Kategori:Skarbøvik-spelarar Kategori:Aalesund-spelarar Kategori:Lyn-spelarar Kategori:Folk frå Ålesund