Jørgen Skjelvik () er ein fotballspelar frå Bærum i Akershus som har vorte seriemeister og cupmeister i så vel Sverige som Noreg. Han er forsvarsspelar.
Karriere Klubbspel Skjelvik debuterte sommaren 2008 med Stabæk IF i den norske eliteseien. I august 2011 vart han overført til svenske Helsingborgs IF der han var med å vinne både Allsvenskan og den nasjonale cupen. 2012-sesongen spelte han for Kalmar FF i Allsvenskan. I juli 2013 skreiv Skjelvik kontrakt med Rosenborg BK. Fyrste hausten måtte han og lagkameratane tole tap i cupfinalen mot Molde FK. Åra 2015 og 2016 bidrog han som midtstoppar til at Rosenborg sigra i så vel eliteserien som i noregsmeisterskapen. I november 2017 vart Skjelvik seriemeister for tredje året i rad. Etter sesongslutt flytta han til USA og gjorde i to år teneste i LA Galaxy. Januar 2020 byrja Skjelvik å spele på danske Odense Boldklub. Han forlet OB våren 2023, den neste sesongen freista han lukka med Apollon på Kypros. I juni 2024 vende Skjelsvik tilbake til Stabæk IF og spel på norsk nivå 2.
Landslagsspel Skjelvik fekk sin debut på det norske landslaget som innbytar 15. november 2013. Fram til 18. november 2020 deltok han i 8 landskampar fordelt på fem ulike år. Flest kampar fekk han i 2017 då han var med i 4 kampar.
Merittar Svensk seriemeister: 2011 for Helsingborgs IF Svensk cupmeister: 2011 for Helsingborgs IF Norske seriemeister: 2015, 2016 og 2017 for Rosenborg BK Noregsmeister: 2015 og 2016 for Rosenborg Bk
Kjelder
eu-football
Denne artikkelen bygger på «en:Jørgen Skjelvik» frå , den 2. april 2026.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Stabæk-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Helsingborg-spelarar Kategori:Kalmar-spelarar Kategori:Odense-spelarar