Leo Skiri Østigård () er ein norsk fotballspelar frå Åndalsnes som gjer teneste for den italienske fotballklubben Genoa CFC. Han er forsvarsspelar og merker seg ut med sin duellstyrke og aggressive spelestil.

Karriere Klubbspel Østigård var aktiv i Åndalsnes IF før han vinteren 2018 fekk kontrakt med Molde FK. Etter kort tid gjekk turen vidare til Viking FK på nivå 2 i det norske seriesystemet. Same hausten vart han overført til engelske Brighton, utan nokon gong få speletid. Frå sommaren 2019 spelte han for St. Pauli i Tyskland, eitt år seinare gjekk han vidare til Coventry City i England. Hausten 2021 spelte han for Stoke City, før han vinteren 2022 vandra til Genoa CFC. I juli 2022 skreiv han kontrakt med SSC Napoli, eit lag som i hans fyrste sesong gjekk til topps i Serie A. Med det vart Østigård den andre norske fotballspelaren som vart italiensk seriemeister. Sommaren 2024 vart han overført til franske Rennes, allereie i februar 2025 flytta han til tyske Hoffenheim. I august 2025 gjekk han tilbake til Genoa CFC.

Landslagsspel Østigård debuterte for Noreg den 25. mars 2022 mot Slovakia. Gjennom 2022, 2023 og 2024 hadde han rimeleg fast plass i midtforsvaret til Noreg, og skåra sitt hittil einaste landslagsmål i kampen mot Irland i Dublin den 17. november 2022. Sidan 2025 har han for det meste kome i spel på landslaget som innbytar, til dømes i begge VM-kvalifiseringskampane mot Italia. Per 1. april 2026 var han bokført med 36 landskampar og ei skåring.

Kjelder

eu-football

Denne artikkelen bygger på «Leo Skiri Østigård» frå , den 8. april 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Viking-spelarar Kategori:Napoli-spelarar Kategori:Genoa-spelarar Kategori:Coventry-spelarar Kategori:Stoke-spelarar Kategori:St. Pauli-spelarar Kategori:Hoffenheim-spelarar Kategori:Rennes-spelarar Kategori:Molde-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026