August Schleicher () var ein tysk lingvist. Han blir rekna som grunnleggjaren av stamtreteorien innanfor samanliknande språkforsking og saman med Franz Bopp er han ein av dei sentrale forskarane i indoeuropeistikken før junggrammatikken

Schleicher utforska samanhengane innanfor den indoeuropeiske språkfamilien. Han rekna lingvistikken som ein del av naturvitskapane, og definerte språket som ein naturleg organisme. Endringane i språket var derfor underlagde lovmessigheita i evolusjonen. På grunnlag av forskingsresultata sine viste han i august opphavet til 1853 dei indoeuropeiske språka i eit av dei første stamtrea i historia til språkvitskapen. Hovudverket hans er Compendium der vergleichenden Grammatik der indogermanischen Sprachen (1861).

Liv August Schleicher var fødd i Meiningen som son av lækjaren Johann Gottlieb Schleicher og kona hans Henriette Heym. Då Schleicher var eit år gammal flytta familien til Sonneberg i nærleiken av Coburg. 1835-40 var han elev ved gymnaset i Coburg. Han byrja å studera teologi ved universitetet i Leipzig, seinare ved universitetet i Tübingen, men han vart etter kvart meir interessert i studiet av Hegel sin filosofi og av orientalske språk: arabisk, hebraisk, persisk og sanskrit. I 1843 gav han opp teologien og drog til universitetet i Bonn for å studere filologi.

Filologiske studiar og reiser I Bonn studerte han klassiske språk og tok doktorgrad der i 1846. Etter studiane vende han attende til heimbyen Sonneberg og dreiv språkvitskaplege undersøkingar på eiga hand. I Bonn hadde likevel prins Georg av Sachsen-Meiningen vorte merksam på Schleicher, og skaffa han eit stipend slik at han i åra 1848–50 kunne opphalda seg i Paris, London og Wien. Under reisene arbeidde han som korrespondent for avisene Allgemeine Zeitung og Kölnische Zeitung. Her skreiv han om dei politiske hendingane i Paris i 1848 og viste sympati for den liberal-demokratiske fraksjonen i Frankfurtparlamentet. Dermed kom han i søkjelyset til det habsburgske politiet. I 1849 reiste han til Praha for å studera slaviske språk og lære tsjekkisk.

Schleicher hadde allereie offentleggjort ein del større språkvitskaplege arbeid, slik at Karlsuniversitetet i Praha i 1850 utnemnde han til ekstraordinær professor i klassisk filologi og i 1853 til professor i samanliknande språkvitskap, tysk og sanskrit. Arbeidet med dei slaviske språka førte fram til offentleggjeringa av Formenlehre der kirchenslawischen Sprache («Formlæra til det kyrkjeslaviske språket») i 1852. I dette standardverket innførte han omgrepet «kyrkjeslavisk» i språkvitskapen.

Professor i Praha Som professor i Praha konsentrerte han seg om dei slaviske språka og om litauisk, som har ei særstilling innanfor indoeuropeistikken i og med at det har endra seg svært lite dei siste 2000 åra. I 1852 fekk han eit stipend frå det østerrikske vitskapsakademiet til å gjera ein forskingsreise til Austprøyssen. Her var han i eit halvt år, lærte litauisk og samla materiale til Handbuch der littauischen Sprache, som vart publisert i 1856. Same året trekte han seg frå professoratet i Praha og vende attende til Sonneberg,

Professor i Jena I 1857 fekk han eit professorat ved universitetet i Jena. Her arbeidde han på tre større verk: Die vergleichende Grammatik der slawischen Sprachen, Die vergleichende Grammatik der baltischen Sprachen og Die Grammatik der slawobaltischen Ursprache. Han døydde likevel før han fekk dei ferdig, i 1868, 47 år gammal.

Bibliografi (utval)

Sprachvergleichende Untersuchungen (1848–50) Die Formenlehre der Kirchenslawichen Sprache (1852) Handbuch der litauischen Sprache (1856–57) Litauische Märchen, Sprichworte, Rätsel und Lieder (1857) Volkstümliches aus Sonneberg im Meininger Oberlände (1858) Die deutsche Sprache (1860) Compendium der vergleichenden Grammatik der indogermanischen Sprachen (1861) Die darwinsche Theorie und die Sprachwissenschaft (1863) Über die Bedeutung der Sprache für die Naturgeschichte des Menschen (1865) Laut- und Formenlehre der polabischen Sprache (1871)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «August Schleicher» frå , den 26. april 2026. oppgav desse kjeldene:  

Allgemeine deutsche Biographie [død lenkje], Bd. 31. Leipzig, 1890.

Litteratur

Joachim Dietze: August Schleicher als Slawist. Sein Leben und Werk in der Sicht der Indogermanistik. Berlin: Akademie-Verlag, 1966. Kategori:Tyske språkforskarar