mini|Sumarnatt i Øksnes Vestbygd. Dyrøya til venstre, Børøya til høgre. Mellom dei, den flate (litle) Langøya. Øksnes Vestbygd (ofte berre Vestbygda) er namnet på den vestlege luten av Øksnes kommune i Nordland. Namnet gjeld dei mindre øyane nordvest for Langøya og nokre bygder på Langøya, men ikkje Skogsøya. Tradisjonelt høyrde området kring Møklandsfjorden og Stavsundet til Vestbygda òg, men desse gardane var gjevne til Bø i 1964.

Fiske og jordbruk har tradisjonelt vore dei viktigaste næringane i Øksnes Vestbygd, oftast i lag, og fram til andre verdskrigen var øyane i Vestbygda den mest folkerike delen av kommunen. Sidan båten veik for bilen har stødt fleire flytta frå øyane, og i dag er dei fleste heilt avfolka, bortsett frå hytter. Berre Dyrøya og Litle Langøya har fastbuande i dag. Det er inga bruer som knyter øyane med fastlandet, men det er faste snøggbåtruter som går frå Myre og Skjærfjord til Barkestad, og ein kan beda båten stogga med dei andre øyane.

Mange padlarar ser på Vestbygda som eit eldorado, og mange tusen turistar flokkar til naturen og dei gamle fiskeværa om sumaren. Endå det er fåe fastbuande att, er det framleis liv på fleire gardar på øyane når sumaren kjem. Skipnes og Finnvågan har gjestegard og rorbuer der ein kan overnatta, og handelsstaden oppunder Tinden vert enno halden open for turistar endå siste væreigar, Skjalg Halmøy, døydde i 2002.

Dronning Sonja har vitja Øksnes Vestbygd fleire gonger. Etter ei ferd i 1994 sa ho:

Øyar i Øksnes Vestbygd

Dyrøya, 6,5 km² Tindsøya, 4,7 km² Nærøya, 4,7 km² Børøya, 1,0 km² Langøya («Litle» Langøya), 0,8 km² Sunderøya, 0,5 km²

Det er lett å blanda saman «Litle» Langøya med den mykje større Langøya i Vesterålen. «Litle» Langøya ligg i Øksnes Vestbygd mellom Dyrøya og «store» Langøya.

Viktige stader

Barkestad Skipnes Tinden Bergsenga Finnvågan (Finvåg) Sigerland Skålebøl

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Øksnes Vestbygd» frå , den 4. mai 2026.

Litteratur

Eli Ketilsson: I Skjalgs rike – Tinden i Vesterålen. Medusa 2002. ISBN 82-90988-33-8

Bakgrunnsstoff

Øksnes kommune om Øksnes Vestbygd Rutetabell for hurtigbåten i Øksnes vestbygd Kategori:Geografi i Øksnes