Carl Larsen Clementsen () var ein norsk støyperieigar og politikar frå Stavanger, medlem i Venstre.
Som 15-åring tok Clementsen til som lærling på Stavanger støberi og dok, der far hans var arbeidsformann. Saman med eit syskenbarn starta han Stavanger Jernstøberi og dreiv dette til han flytta til Hinna og åleine grunnla sitt eige støyperi der.
Clementsen var medlem i skulestyret frå 1899 til 1913 og i bystyret frå 1904 til -18, medlem i formannskapet 1911–16. 1910–12 varamann til Stortinget frå valkrinsen Verket i Stavanger. I 1912 møtte han i Stortinget frå 22. april til 2. mai som varamann for Oddmund Vik. Clementsen «tænkte selv, han gjorde op sine egne meninger om tingene... Og han eiet en levende interesse for offentlige spørsmaal, som gjorde, at han længst mulig trodset de haarde astmatiske anfald, som stadig plaget ham.»Stavanger Aftenblad, 27. desember 1919
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Stavanger