Jay Silvester () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som var verdsrekordhaldar i diskoskasting 1961-62 og 1968-75.

Aktiv Silvester sette verdsrekord den 11. august 1961 i Frankfurt am Main. Med eit kast som målte 60,56 meter var han den fyrste som sende diskosen over 60 meter. Allereie ni dagar seinare i Brussel forbetra han verdsrekorden til 60,72 m. Landsmannen Al Oerter tok over som rekordhaldar i mai 1962 med eit kast på 61,10 m. I slutten av juni 1963 forbetra Silvester sin personlege rekord til 62,37 m ved eit stemne i tyske Mainz. Ved dei olympiske leikane 1964 vart han fjerdemann.

I 1967 pynta Silvester på sitt personbeste til 62,58 m. Året etter sletta han verdsrekorden til Ludvík Daněk frå Tsjekkoslovakia. Den 25. mai 1968 i Modesto smekka han til 68,07 m, og tre månader seinare, den 18. september i Reno auka han til 68,40 meter, ein verdsrekord som vart tangert av Ricky Bruch i 1971, men likevel stod seg heilt til 1975.

Gjennom sine fabelaktige kast sommaren 1968, framstod Silvester som den klåre favoritten framfor Sommar-OL i Mexico-byen i oktober. I kvalifiseringa sette han olympisk rekord på 63,34 m. Like sterk var han ikkje i finalen, 61,78 m gav han ein femteplass. Dei neste åra heldt han seg i verdstoppen, med 66,28 m i 1970 var det einast Bruch som kom framom på statistikken over årsbeste. I 1971 kasta Silvester diskosen 70,38 m, eit kast som ikkje vart godkjend som verdsrekord.

OL-sesongen 1972 nådde Silvester som best 65,58 m. I OL-finalen i München tok han leiinga i tevlinga i den tredje omgangen med 63,50 m, svenske Ricky Bruch kom nær med 63,40 m i den femte omgangen. Før den siste omgangen låg fem mann innom ein dryg meter bak Silvester. Berre ein av desse forbetra seg. Ludvík Daněk la på nærare to meter og kleiv frå femte- til fyrsteplass.

Silvester kvalifiserte seg til Sommar-OL 1976 med eit diskoskast på 64,74. For fyrste gong var han ikkje i favorittsjiktet, og i Montral-OL enda han med 61,98 m på åttandeplass.

Silvester vart USA-amerikansk meister i diskoskasting i 1961, 1963, 1968 og 1972.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1964 i Tokyo: Nr 4 – 59,09 m OL 1968 i Mexico-byen: Nr 5 – 61,78 m OL 1972 i München: Sølvmedalje 63,50 m, bakom Ludvík Daněk (64,40 m) OL 1976 i Montreal: Nr 8 – 61,98 m

Kjelder

Jay Silvester Denne artikkelen bygger på «Jay Silvester» frå , den 18. juni 2026.

Kategori:Diskoskastarar frå USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976