József Kovács () var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Budapest, som i 1934 vart europameister på 110 meter hekk.

Aktiv Kovács nådde finalen i tre tevlingar under EM i Torino i 1934. Fyrst vann han 110 meter hekk på livsbeste 14,8 sekund, framom tyske Erwin Wegner på 14,9. På 200 meter vart Kovács nummer fire på 21,7 sekund. Han avslutta meisterskapen på det ungarske laget som vann sølv på 4 x 100 meter stafett.

Kovács deltok i tre øvingar også under Sommar-OL 1936 i Berlin. Han kom ikkje til finalen i korkje 400 meter hekk eller 4 x 100 meter stafett. Medan Ungarn sitt mannskap i 4 x 400 meter stafett enda på sjetteplass.

Ved EM i friidrett 1938 i Paris tok Kovács sølvmedaljen på 400 meter hekk, med tida 53,3 sekund enda han to tidels sekund bakom Prudent Joye frå Frankrike.

Kovács sette ei rad nasjonale rekordar, så som på 110 meter hekk og 400 meter hekk. Landsrekorden hans på 200 meter på 21,0 sekund stod frå 1933 til 1964.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «József Kovács (Hürdenläufer)» frå , den 10. juli 2026.

World Athletics

Kategori:Europameistrar i friidrett for Ungarn Kategori:Ungarske friidrettsutøvarar Kategori:Ungarske hekkeløparar Kategori:Ungarske sprintarar Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936