Caitlyn Marie Jenner, fødd William Bruce Jenner, () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar og seinare fjernsynsperson. Jenner vart olympisk meister i tikamp i 1976.

Liv Jenner enda på tiandeplass i tikampen under dei olympiske leikane i München i 1972. I august 1975 sette Jenner verdsrekord i øvinga med 8 524 poeng under ein landskamp i Eugene i Oregon. 29. og 30. juli 1976 forbetra Jenner rekorden til 8 618 poeng då han vann gullmedaljen ved Sommar-OL i Montréal.

Etter å ha skilt seg frå Kris Jenner i 2015, gjorde Bruce Jenner det kjent at han rekna seg som transperson. I juni 2015 tok Bruce Jenner offentleg i bruk det nye namnet sitt og den nye identiteten, og byrja å omtale seg sjølv med kvinnelege pronomen. Seinare same år vart namnet hennar formelt endra til Caitlyn Marie Jenner, og det juridiske kjønnet vart endra til kvinne. I 2017 gjennomgjekk ho kosmetiske inngrep og fullførte kjønnsstadfestande kirurgi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Caitlyn Jenner» frå , den 19. juli 2026.

World Athletics

Kategori:Mangekjemparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976