Árta (gresk Άρτα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn i Ípiros nordvest i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga. Byen vart i antikken kalla Amvrakía (gresk Αμβρακία). Árta er kjend for den gamle brua over elva Árakhthos, som ligg vest for sentrum. Árta har òg mange ruinar frå antikken og eit gamalt slott frå 1200-talet, eit av dei best bevarte i Hellas. Den rike austromerske historia kan ein òg sjå av dei mange austromerske kyrkjene som ligg her. Den mest kjende av desse er kanskje Panajía Parigorítissa, bygd kring 1290 av despoten Nikeforos.
Árta ligg ved Ártabukta som er kalla opp etter byen.
Historie Det oppstod ein busetnad her omkring 800-talet fvt. og Amvrakía vart grunnlagd av korintarane på 600-talet fvt.
I 295 fvt. gjorde Pyrrhus av Ipiros, konge over molossarane, Amvrakía til hovudstad i kongedømet sitt. Han nytta byen som base då han gjekk til åtak på romarane. Pyrrhus vann store, men dyrekjøpte, sigrar mot romarane og vart kjend for uttrykket «pyrrhussiger», som referer til ei utveksling under slaget ved Asculum. I 146 fvt. vart Amvrakía ein del av Romarriket og provinsen Ípiros vart gjeve namnet Epirus Vetus, for å skilje han frå Epirus Nova i aust. Byen er ikkje nemnd under namnet Árta før 1082.
I 1204, etter Konstantinopel sitt fall under det fjerde krosstoget, vart han hovudstad i despotatet Ipiros. Despotatet strekte seg opp til Dyrrahio og inkluderte heile det nordvestlege Hellas, Thessalía og dei nordvestlege områda av Gresk Makedonia. Grunnleggaren var Mikael I Aggelos Komninos Doukas (1205-1215), ein slektning av den austromerske keisarfamilien Komninos. Etter korte periodar under dynastiet til italienarane Orsini (1318-1337), albanske klanar (1359-1416) og italienske herskarar (Carlo II Tocco, Leonardo III Tocco), erobra Det osmanske riket byen i 1449. Byen vart frigjeve frå osmanarane og annektert av Hellas i 1881 etter Berlintraktaten.
Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Árta, no kommunaleininga Árta Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Árta Amvrakikós Filothéi Vlakhérna Xirovoúni Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 41 600 innbyggjarar, medan kommunaleininga Árta hadde 26 999 og tettstaden med same namn 21 798 innbyggjarar.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Árta Árta 21 895 21 798 Kostakií Árta 2 078 2 020 Khalkiádes Filothéi 1 284 1 330 Grammenítsa Vlakhérna 1 258 1 206 Ájos Spyrídonas Filothéi 971 979 Eleoúsa Árta 1 093 973 Anéza Amvrakikós 1 111 946 Kalamiá Filothéi 1 018 934 Kambí Xirovoúni 928 849 Áji Anárjyri Árta 756 750 Rókka Filothéi 613 564 Ammótopos Xirovoúni 618 534 Rákhi Amvrakikós 574 490 Kalóvatos Filothéi 589 487
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arta, Greece» frå , den 18. september 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Ípiros Kategori:Kommunaleiningar i periferieininga Árta Kategori:Byar og tettstader i periferieininga Árta Kategori:Periferieininga Árta Kategori:Greske prefekturhovudstader