Niš (kyrillisk Ниш; gresk Ναϊσσός, Naissós) er ein by i Serbia i distriktet Nišava ved elva Nišava. Med kring enn 250 000 innbyggjarar er han den største byen i Sør-Serbia og den tredje største byen i landet etter Beograd og Novi Sad. Byen dekkjer eit område på 597 km², som omfattar sjølve byen Niš, kurstaden Niška Banja og 68 forstader.
Niš er ein av dei eldste byane på Balkan, og frå gammalt av vore ein port mellom Austen og Vesten. Han ligg der motorvegane på Balkan møter motorvegane frå Mellom-Europa, og knyter Vesleasia til Europa. Niš Konstantin den store lufthamn er den internasjonale flyplassen ved byen.
I Niš ligg ein av dei eldste kyrkjene i Serbia, frå 300-talet. Byen er òg kjend som fødestaden til Konstantin den store, den første kristne romerske keisaren og grunnleggjaren av Konstantinopel,Katolsk leksikon: Constantine the Great og to andre romerske keisarar, Konstantius III og Justinius I.
Niš er eit universitetssenter. Det er om lag 30 000 studentar på Universitetet i Niš, som består av 13 fakultet. Niš er òg eit av dei viktigaste industrisentera i Serbia, eit senter for elektronikk, maskinteknikk, tekstilindustri og tobakksindustri.
Historie Tidleg historie mini|venstre|Mosaikk i Mediana Under Romarriket heitte byen Naissus, som er det latinske namnet av det opphavlege Naissos ('nymfebyen'), ein gammal gresk koloni som vart grunnlagd i antikken.
Då romarane erobra dei greske koloniane var Naissos base for desse operasjonane i området. Naissus vart først nemnd i romerske kjelder på byrjinga av 100-talet e.Kr. og vart nemnd i Geografia av Klaudios Ptolemaios. Romarane okkuperte byen i perioden under den dardanske krigen (75-73 f.Kr.), og byen utvikla seg som ein strategisk korsveg, garnison og marknadsby i provinsen Moesia Superior.
I 268 e.Kr., under «krisa på 200-talet» då Riket nesten kollapsa, invaderte gotarane Balkan i store massar. Gotarane var allierte med herulane som gav dei flåte som kunne transportere dei store armeane nedover kysten av Svartehavet, der dei raserte kystområda i Thrakia og Makedonia. Ein annan stor styrke kryssa Donau i Moesia. Invasjonen til gotarane i provinsen Pannonia førte til katastrofe. I 268 vann keisar Gallienus nokre viktige sigrar på land og til havs, men det var etterfølgjaren Claudius II som til slutt slo tilbake fienden i slaget ved Naissus i 268, eit av dei blodigaste slaga på 200-talet.
Fire år seinare i 272 vart son av kommandanten Constantius Chlorus og krovertdottera Flavia Iulia Helena fødd i Naissus og vart seinare keisar Konstantin den store. Ruinane etter keisarvillaen frå 300-talet i Mediana er ein viktig arkeologisk stad nær Niš. Mosaikkgolvet og andre spor etter luksus er godt bevarte i eit arkeologisk museum på staden. Andre villaer frå same tida ligg like i nærleiken. Den kristne basilikaen frå 300-talet i Niš er eit av dei eldste kristne byggverka. Ein annan romersk keisar, Konstantius III (421), vart fødd i Naissus.
Sjølv om keisar Julian forsterka murane, gjorde den store velstanden i byen han til eit mål, og han vart øydelagd av Attila i 443. Hunaren Attila erobra Naissus med rambukkar og rulletårn, som var nye våpenmetodar for hunarane. Etter hunarane erobra byen Naissus massakrerte dei innbyggjarane i byen. Fleire år seinare var elvebreidda utanfor byen framleis dekt av menneskebein. Grunnleggjaren av det justinianske dynastiet, Justinius I vart fødd i Naissus i 450, og nevøen hans Justinian I gjorde sitt beste for å bygge opp att byen, men Naissa klarte aldri å verte like stor som han var på 300-talet.
Mellomalderen På siste halvdel av 500-talet vandra dei første slavarane og avarane til området. På 500- og 600-talet gjorde slaviske stammer åtte forsøk på å ta Niš. I det siste åtaket i 615 klarte dei å ta byen, og det meste av den romerske folkesetnaden flykta eller forsvann. Byen og jordbruksområda rundt vart så busett av slavarar. På 800-talet tok bulgarar over området, etterfølgd av ungararar på 1000-talet, og byen stod imot eit åtak under folkekrosstoget den 3. juli 1096. Austromarane gjenerobra byen nok ein gong i 1173, før han mot slutten av 1100-talet kom inn under den serbiske fyrsten Stefan Nemanja.
I 1375 erobra Det osmanske riket Naissus. Etter ein 25 dagar lang omleiring fall byen til tyrkarane. I 1443 fall Niš til Ludanjin og byen vart gjeven tilbake til serbarane. Den ungarske militærleiaren Janos Hunyadi i lag med serbaren Đurađ Branković slo tyrkarane og pressa dei tilbake til Sofia. Eit viktig slag vart utkjempa nær Niš, som vart verande ein fri by eit år etter det. Det var under dette slaget at den osmansk kommandanten Gjerg Kastrioti, kalla Skanderbeg, forlet osmanarane. Han rømde til Albania med ein stor flokk, der han dreiv geriljakrig mot osmanarane resten av livet sitt.
Nyare tid
mini|Ytre murar i Skalletårnet Niš overgav seg til tyrkarane igjen i 1448, og vart verande underlagt tyrkarane dei neste 245 åra. I denne perioden var Niš eit av seta for tyrkisk militære og sivil administrasjon. Niš festning, som vart bygd i denne perioden, er framleis eit av dei vakraste og best bevarte byggverka på Balkan.
Den bevarte festninga har tyrkisk opphav og vart bygd på byrjinga av 1700-talet. Festninga vart reist over eit tidlegare festningsverk frå romarane, austromarane og mellomalderfort. I 1737 vart Niš erobra av den austerrikske armeen i felttoget deira mot tyrkarane. Krigen enda i 1739.
På byrjinga av 1800-talet var frigjeringa av Niš frå tyrkarane avgjerande for å opprette ein ny serbisk stat. Den serbiske leiaren Karađorđe påpeikte i samtalar med representantar frå Russland, Napoleon og tyrkarane, at Niš måtte høyre til Serbia. Den serbiske frigjeringshæren gjekk mot Niš for å ta byen og gå vidare mot Gamle Serbia og Kosovo. Byen vart ein del av Serbia etter San Stefano-traktaten
mini|venstre|Universitetet i Niš og Minnekapellet
Under den tyske okkupasjonen i den andre verdskrigen vart den første konsentrasjonsleiren til nazistane i Jugoslavia bygd nær Niš. Byen vart kraftig bombardert av dei allierte i 1944. I 1996 var Niš den første byen i Serbia som stod opp mot styret til Slobodan Milošević. Ein koalisjon av demokratiske motstanderparti kalla Zajedno («Saman») vann det lokale valet i Niš i 1996. Den første demokratisk valde ordføraren i Niš var Zoran Živković, som seinare vart statsminister i Serbia i 2003. 7. mai 1999 vart byen klasebomba av NATO.
Bydelskommunar
Niš er delt inn i fem bydelskommunar som dels er bydelar i byområdet til Niš, dels er forstader.
Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Status Crveni Krst 33 452 32 301 29 518 Bydel og forstad Medijana 87 405 85 969 83 113 Bydel og forstad Niška Banja 15 359 14 680 12 940 Forstad Palilula 72 165 73 801 69 811 Bydel og forstad Pantelej 42 137 53 486 54 119 Bydel og forstad Total 250 518 260 237 249 501
Sjølve byområdet hadde i 2022 178 976 innbyggjarar, fordelt slik på bydelskommunane:
Namn Totalt Forstad Bydel Crveni Krst 29 518 17 548 11 970 Medijana 83 113 4 643 78 470 Niška Banja 12 940 12 940 Palilula 69 811 17 629 52 182 Pantelej 54 119 17 765 36 354 Total 249 501 70 525 178 976
Befolkningsutvikling Folketalet ved folketeljingane etter den andre verdskrigen for heile kommunen Niš og for sjølve byområdet. + Historiske folketal År Kommune Byområdet 1948 109 280 47 296 1953 122 100 56 589 1961 148 354 78 712 1971 195 362 124 264 1981 232 563 157 326 1991 248 086 175 649 2002 250 518 175 631 2011 260 237 183 164 2022 249 501 178 976
Busetnader Dei største busetnadene i kommunen Niš er:
Bydelskommune Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Niš 175 631 183 164 178 976 Donja Vrežina Pantelej 4 088 6 758 7 085 Medijana 4 452 4 642 4 643 Niška Banja 3 532 4 651 4 374 Palilula 4 305 4 795 4 330 Niška Banja Niška Banja 4 437 4 380 3 821 Pantelej 3 914 3 745 3 773 Palilula 2 139 2 938 2 948 Crveni Krst 2 588 2 847 2 650 Crveni Krst 2 704 2 674 2 490 Pantelej 2 647 2 513 2 041 Crveni Krst 2 109 2 127 1 960
Byområdet til Niš fordelt på bydelar:
Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Medijana 82 953 81 327 78 470 Palilula 54 596 54 597 52 182 Pantelej 25 090 34 724 36 354 Crveni Krst 12 992 12 516 11 970 Niš 175 631 183 164 178 976
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Niš» frå , den 22. mars 2009.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside
Kategori:Byar i regionen Sørlege og austlege Serbia Kategori:Byar og tettstader i distriktet Nišava Kategori:Distriktet Nišava