Hundvin kyrkje står på Hundvin i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1936. Kyrkja vart sett opp etter typeteikningar frå Riksarkitektkontoret.
mini|venstre|Alteret i Hundvin kyrkje. Altertavla er måla av Wilhelm Bjørknes. I tekstfeltet står det: "Du gjer deg strev og uro med mange ting, men det er eitt som trengst! Luk. 10.41"
Før dei fekk kyrkja på Hundvin sokna folk i området til Lygra kyrkje. I 1884 vart det vigsla gravplass på Hundvin. Kyrkja vart bygd ved gravplassen i 1936.
Hundvin kyrkje er soknekyrkje i Hundvin sokn i Nordhordland prosti. Soknet vart skild ut frå Lindås sokn i 1998.
Kjelder Norges Kirker: «Hundvin kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Hundvin sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Lindås kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Alver Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1936 Kategori:Kulturminne i Alver