David Briggs () var ein amerikansk plateprodusent som er mest kjend for arbeidet sitt med Neil Young og bandet hans Crazy Horse.
Biografi David Briggs var fødd i Douglas i Wyoming, men slo seg ned i California. Tidleg i 60-åra byrja han å jobbe i musikkbransjen i selskapet til Bill Cosby, Tetragrammaton Records.http://djangomusic.com/artist_bio.asp?pid=P+++407102&morebio=1 I mai 1966, fekk han høvet til å spele på Elvis Presley-albumet How Great Thou Art då Floyd Cramer kom for seint. Briggs fortsette å spele og turnere med Presley fram februar 1977. Eit av dei første albuma han produserte var for komikaren Murray Roman. I følgje Briggs var dette det første albumet nokon gong med ordet «fuck» på det. Briggs arbeidde etter kvart sjølvstendig med folk som Alice Cooper, Spirit og Jerry Lynn Williams.http://www.answers.com/topic/jerry-lynn-williams-rock-artist?cat=entertainment
I 1968, etter å ha plukka opp ein haikande Neil Young, produserte Briggs det første soloalbumet hans, Neil Young (1968). Dette førte til eit livslangt venskap mellom dei to mennene, og Briggs var med å produsere mange album for Young, mellom anna Everybody Knows This is Nowhere og After the Gold Rush. Det siste albumet han produserte var Young sitt Sleeps with Angels i 1994, før Briggs døydde i 1995. Briggs har òg arbeidd på album for artistar som Spirit, Tom Rush, Nils Lofgren, Steve Young, Nick Cave and the Bad Seeds og Royal Trux.
David Briggs døydde 26. november 1995 etter lang kamp mot lungekreft, 51 år gammal.
Utvald diskografi som produsent og medprodusent Neil Young 1968 - Neil Young 1969 - Everybody Knows This Is Nowhere 1970 - After the Gold Rush 1974 - On the Beach 1975 - Tonight's the Night 1975 - Zuma 1977 - American Stars 'N Bars 1978 - Comes a Time 1979 - Rust Never Sleeps 1979 - Live Rust 1981 - Re-ac-tor 1982 - Trans 1985 - Old Ways 1987 - Life 1990 - Ragged Glory 1991 - Weld 1993 - Unplugged 1994 - Sleeps with Angels
Andre artistar 1969 Summerhill - Summerhill 1970 Alice Cooper - Easy Action 1970 Tom Rush - Wrong End of the Rainbow 1970 Spirit - Twelve Dreams of Dr. Sardonicus 1971 Nils Lofgren & Grin - Grin 1972 Nils Lofgren & Grin - 1+1 1972 Spirit - Feedback 1972 Steve Young - Seven Bridges Road 1975 Nils Lofgren - Nils Lofgren 1976 Nils Lofgren - Cry Tough 1986 Bradley Ditto - Check Me Out 1992 Nick Cave and the Bad Seeds - Henry's Dream 1995 Royal Trux - Thank You
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «David Briggs» frå , den 24. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Folk frå Wyoming