Trygve Gulbranssen () var ein norsk forfattar, forretningsmann og journalist, døypt Trygve Emanuel Gulbrandsen.
Gulbranssen er kjend for å ha skrive Bjørndalstrilogien; Og bakom synger skogene (1933), Det blåser fra Dauingfjell (1934) og Ingen vei går utenom (1935). Bøkene vart tekne godt imot av både kritikarar og ikkje minst av lesarar. Dei er omsette til meir enn 30 språk og har selt i over 12 millionar eksemplar. På eit tidspunkt før krigen førte trilogien han opp på fjerdeplass i verdsstatistikken over flest selte bøker. Med dei amerikanske omsetjingane opplevde han som einaste skandinaviske skjønnlitterære forfattar å få bøker oppført i «A list of books chosen for the White House»; ei rad bøker vald ut av amerikanske forleggarar og trykkjeri og overrakt Det kvite huset for å gje presidenten eit bibliotek med den beste samtidslitteraturen.Hoel, 1997 s. 134
Han var au kjend som idrettsjournalist og skreiv først og fremst for bladet Idrætsliv, som han dreiv saman med P. Chr. Andersen og Einar Staff. Mange av dei mest kjende og typiske artiklane skreiv han som korrespondent for Idrætsliv og Aftenposten under Sommar-OL i åra mellom 1920 og 1936. Friidretten stod han nærmast og som idrettsadministrator fremja han sporten gjennom mange år. Han blir dessuten rekna for å ha ført orienteringssporten til Noreg, saman med Nils Dahl.Hoel, 1997 s. 59
Gulbranssens eigentlege levebrød var som tobakksgrossist; saman med sine kompanjongar importerte han tobakk, sigarar, sigarettar, piper og liknande. Og engrosfirmaet vart det største i sitt slag i Noreg under leiinga hans.Hoel, 1997 s. 48 Han var ein vel akta og respektert forretningsmann både innanfor og utanfor Noregs grenser, og gjennom ei rad forretningsreiser rundt omkring i Europa skaffa han seg mange personlege venner som han heldt på livet ut.
I 1940 flytta Gulbranssen med familien til eit gardsbruk i Eidsberg. Her realiserte han bondedraumen, og til tross for at han sjølv ikkje tok del i dei daglege fysiske gjeremåla la han ned mykje arbeid og planlegging i gardsdrifta. Han var innflyttar, men isolerte seg ikkje på garden, og hadde eit godt forhold til naboar og andre. I 1955 var han au med på å starte Mysen Rotaryklubb, der han deltok aktivt og var chartermedlem fram til han døydde i 1962Hoel & Gulbranssen, 1997 s. 253.
Bibliografi Bøker Og bakom synger skogene, Aschehoug, 1933 Det blåser fra Dauingfjell, Aschehoug, 1934 Ingen vei går utenom, Aschehoug, 1935
Noveller og fortellingar Prestebud av Bjørndals saga, Aftenposten, 24. desember 1921 Da Gammel-Dag var blitt veik, Nationen, 21. desember 1933 Den sorte port, Aftenposten, 24. desember 1936.
I tillegg ei rad artiklar i Idrætsliv, 1916-1930. Han skreiv au om Idrættens ansvar i Idrætsboken.
Notar
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Trygve Gulbranssen» frå , den 12. desember 2010.
Bakgrunnsstoff
Trygve Gulbranssens offisielle heimeside
Vidare lesing
Thor Steinar Fjeldstad: Skogene I-III. En analyse av ideologi. Hovedfagsavhandling, Universitetet i Oslo, 1975
Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Eidsberg