Sana (òg skrive Sanaa eller Sana'a; arabisk صنعاء, Ṣan‘ā’) er den største byen i Jemen og administrasjonssenteret i Sana guvernement. Byen sjølv er ikkje ein del av guvernementet, men dannar eit separat administrativt distrikt kalla Amanat Al-Asemah. Etter den jemenittiske grunnlova er Sana hovudstaden i landet, men setet til den internasjonalt anerkjente regjeringa flytta til Aden etter statskuppet i Jemen 2014-2015. Aden vart erklært mellombels hovudstad av president Abd Rabbuh Mansur Hadi i mars 2015.

Sana er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda. Han ligg i ei høgd på 2300 meter over havet og er òg ein av dei høgastliggande hovudstadane i verda. Sana har opp under 2 millionar innbyggjarar og er den største byen i Jemen.

Gamlebyen i Sana er innskriven på verdsarvlista til UNESCO og har eit særpreg med unik arkitektur, mellom anna fleire etasjar høge bygg dekorerte med geometriske mønster. I konflikten som rasa i 2015 vart verdsarvstaden råka av fleire bomber. Den store moskeen i Sana ligg i gamlebyen og er den største i byen.

Historie

Oldtida Sana er ei av dei eldste busetjingane i verda. I følgje ei folkesegn vart byen grunnlagd av Sjem, sonen til Noah.Al-Hamdāni, al-Ḥasan ibn Aḥmad, The Antiquities of Sør-Arabia - The Eighth Book of Al-Iklīl, Oxford University Press 1938, s. 8-9Minaret Building and Apprenticeship in Yemen, Trevor Marchand, Routledge (April 27, 2001), p.1.Aithe, p.30. I oldtida vart han kalla «Azal», som har blitt knytt til Uzal, ein son av Qahtan, og eit oldebarn av Sjem i Bibelsoga."Sana" in the Encyclopædia Britannica, 11th ed. 1911. Det noverande namnet kjem truleg frå det sørarabiske ordet for «god festning».

Den arabiske historikaren al-Hamdani skreiv at sabearane bygde bymurar kring Sana under Sha'r Awtar, som òg bygde Ghumdan-palasset i byen. På grunn av plasseringa har Sana tent som eit bysenter for dei kringliggande stammene i regionen og som ein kjerne for den regionale handelen sør i Arabia. Han låg ved krossvegen mellom to store, gamle handelsvegar som knytte Marib i aust til Raudehavet i vest.

Då kong Yousef Athar (eller Dhu Nuwas), den siste Himjaritt-kongen, hadde makta, var Sana òg hovudstaden for etiopiske statthaldarar.

Islamsk tid mini|Den eldste kjende kopien av Koranen, funnen i Sana'a i 1972. Frå starten av islam fram til det vart oppretta sjølvstendige understatar i mange delar av i Jemen under det islamske kalifatet, heldt Sana fram med å vere eit administrasjonssenter. Nestleiaren til kalifen styrte sakene som ein av tre makhalifar i Jemen: Mikhlaf Sana, Mikhlaf al-Janad og Mikhlaf Hadhramawt. Sana hadde ofte ein viktig status og alle jemenittiske statar kjempa om å få kontroll over byen.

Imam al-Shafi'i, som grunnla shafi'i-retninga innan islam på 700-talet, vitja Sana mange gonger. Han lovpriste byen og skreiv La budda min Ṣanʻāʼ eller «Sana må sjåast». På 800- og 900-talet skreiv den jemenittiske geografen al-Hamdani om kor rein byen var og skreiv «Dei ringaste bustadane der har ein brunn eller to, ein hage og ein lange kloakkummar skilde frå kvarandre, tomme for søppel, utan vond lukt, på grunn av den harde sementen (truleg adobe og mais) og fine beitemarker og reine stader å spasere.» Seinare på 900-talet skreiv den persiske geografen Ibn Rustah om Sana: «Ein finn ikkje ein flottare, meir folkerik og velståande by, med stoltare opphav og betre mat.»

I 1062 tok Sulayhid-dynastiet leia av Ali al-Sulayhi og kona hans, den populære dronning Asma, over Sana'a. Han gjorde byen til hovudstaden sin i eit relativt lite kongedøme, som òg omfatta Harazfjella. Sulayhidane støtta det ismail-muslimske Fatimidekalifatet i Egypt, i staden for det Bagdad-baserte Abbasidekalifatet som det meste av Arabia følgde. Al-Sulayhi regjerte i kring 20 år, men vart myrda av lokale rivalar, dei Zabid-baserte najahidane. Etter han døydde, arva dotter hans, Arwa al-Sulayhi, trona. Ho trekte seg bort frå Sana, og flytta Sulayhid-hovudstaden til Jibla, der ho styrte det meste av Jemen frå 1067 til 1138. Då sulayhidane forvann, tok Hamdanid-dynastiet over Sana'a.McLaughlin, p.16.

I 1173 sende Saladin, ajjubide-sultanen av Egypt, bror sin Turan-Shah på ein ekspedisjon for å erobre Jemen. Ajjubidane fekk kontroll over Sana i 1175 og samla forskjellige jemenittiske stammestatar, utanom dei nordlege fjella, som var kontrollerte av Zaydi-imamane. Ajjubidane endra den offisielle religionen i landet til sunni-islam. Under styret til ajjubidane gjorde emir Tughtekin ibn Ayyub store utbetringar i byen. Mellom anna innlemma han hagelandet på vestbreidda av Sa'ilah, kjend som Bustan al-Sultan, der ajjubidane bygde eit av palassa sine.Elsheshtawy, p.92. Trass i den strategiske plasseringa til Sana, valde ajjubidane Taiz som hovudstaden sin, medan Aden vart den viktigaste inntektsbringande byen deira.

Då rasulidane kontrollerte det meste av Jemen, etterfølgd av tahiridane, var Sana stort sett innafor den politiske området til Zaydi-imamane frå 1323 til 1454 og utanfor dei to tidlegare dynastia sitt styre.Bosworth, p.463. Mamelukkane kom til Jemen i 1517.

Osmansk tid Det osmanske riket gjekk inn i Jemen i 1538 då Suleiman den store var sultan. Özdemir Pasha leia dei osmanske styrkane som erobra Sana i 1547. Med godkjenning frå osmanarane, vitja ofte europeiske kapteinar med base i dei jemenittiske hamnebyane Aden og Mokka Sana'a for å oppretthalde visse privilegium for handelen sin. I 1603 tok lokale Zaydi-imamar leia av imam al-Mu'ayyad igjen kontroll over området, og tvang dei osmanske soldatane ut i 1629. Sjølv om osmanarane flykta under styret til al-Mu'ayyad, hadde føregangaren hans al-Mansur al-Qasim i stor grad svekka den osmanske hæren i Sana'a og Jemen. Europeiske kjøpmenn mista dermed privilegia sine.Dumper, p.330.

Zaydi-imamane heldt styret sitt over Sana fram til midten på 1800-talet, då osmanarane igjen prøvde å få kontroll over området. I 1835 nådde osmanske soldatar fram til kysten av Jemen, maskert som soldatane til Muhammed Ali av Egypt. Dei erobra ikkje Sana før 1872, då soldatane deira leia av Ahmed Muhtar Pasha gjekk inn byen. Det osmanske riket gjennomførte Tanzimat-reformer gjennom landa dei styrte.

I Sana'a vart det sett i verk byplanlegging for første gong. Det vart bygd nye vegar, skular og sjukehus. Reformene vart gjennomført i hastverk av osmanarane for å styrke kontrollen over Sana og konkurrere med eit Egypt som utvida seg, den britiske påverknaden i Aden og italiensk og fransk makt langs kysten av Somalia, særleg i byane Djibouti og Berbera. Moderniseringsreformer i Sana var likevel avgrensa.

Nord-Jemen mini|upright|Dar al-Hajar, bustaden til imam Yahya i Wadi Zahr nær Sana.

I 1904 vart den osmanske makta svekka i Jemen og imam Yahya frå zaydiimamane tok over makta i Sana igjen. I eit forsøk på å sikre Nord-Jemen sjølvstende, fokuserte Yahya på isolasjonisme der han unngjekk internasjonal og arabisk politikk, og slo hardt ned på alle gryande frigjeringsrørsler. Det vart ikkje medverka til utviklinga av infrastruktur i Sana og andre stader, og den osmanske jenteskulen vart nedlagt. Som følgje av dette vart Sana'a i aukande grad eit senter for anti-statlege organisasjonar og intellektuelt opprør.Dumper, p.331.

I 1930-åra dukka det opp fleire organisasjonar som var mot eller som kravde reformer frå Zaydi-imamatet i byen, særleg Fatat al-Fulayhi, ei gruppe forskjellige jemenittiske, muslimske lærte basert i Fulayhi-skulen i Sana, og Hait al-Nidal. I 1936 var leiarane for desse rørslene fengsla. I 1941 bad ei anna gruppe basert i byen, Shabab al-Amr bil-Maruf wal-Nahian al-Munkar, om ein nahda («renessanse») i landet, og at det skulle opprettast eit parlament med islam som eit apparat for ei jemenittisk gjenoppbygging. Yahya slo i stor grad ned på Shabab og dei fleste leiarane vart avretta eter at sonen hans, Imam Ahmad tok over makta i 1948. Det året vart Sana erstatta av Taiz som hovudstad, etter at Ahmad hadde bygd ny bustad der. Dei fleste departementa følgde etter. Eit par år seinare flytta det meste av den jødiske folkesetnaden i byen til Israel.

Ahmad byrja ein prosess med gradvis økonomisk og politisk liberalisering, men i 1961 var Sana vitne til store demonstrasjonar og opprør som kravde raskare reformer og endringar. Pro-republikanske offiserar i det nordjemenittiske militæret som sympatiserte med regjeringa til Gamal Abdel Nasser i Egypt og panarabisk politikk, utførte eit statskupp der imamat-regjeringa vart styrta i september 1962, ei veke etter Ahmad døydde. Sana vart då igjen hovudstad i landet. Nabolandet Saudi-Arabia var i mot denne utviklinga og støtta aktivt stammene på landsbygda i Nord-Jemen, og sette store delar av landet mot dei urbane, og stort sett pro-republikanske innbyggjarane i Sana. Den nordjemenittiske borgarkrigen førte til at delar av gamlebyen vart øydelagd og dette heldt fram til 1968 då det vart skriven ein avtale mellom republikanarane og rojalistane, og det vart oppretta eit presidentsystem. Uroa i Sana fortsette på grunn av fleire kupp og politiske attentat, fram til situasjonen i landet stabiliserte seg seint i 1970-åra.

Den britiske forfattaren Jonathan Raban vitja byen i 1970-åra og skildra han som «festningsaktig. Arkitekturen og planløysinga minner om ein labyrint». Borte frå gata var heile byen «ein annan type labyrint, eit tett virvar av teikn og symbol».

Nyare tid

Etter samlinga av Jemen vart Sana utropt til hovudstaden i den nye Republikken Jemen. Her ligg presidentpalasset, parlamentet, høgsteretten og departementa i landet. Den største arbeidsgruppa i byen er statstenestemenn. Mange flytta inn i byen frå landsbygda og Sana'a har vokse langt utafor gamlebyen, men dette har ført til stor belastning på den underutvikla infrastrukturen og kommunale tenestene i byen, særleg vasstilgangen.

I 2004 vart Sana vald til arabisk kulturhovudstad av Den arabiske ligaen. I 2008 stod Saleh-moskeen ferdig, med plass til over 40 000 menneske.

Den 21. mai 2012 vart Sana råka av ein sjølvmordsbombar som tok livet av 120 soldatar.

I seinare år, under Houthi-opprøret, har houthiar teke kontroll over Sana'a. Den 12. juni 2015 leia Saudi-Arabia bombetokt mot dei sjia-muslimske opprørarane og deira allierte i Jemen og øydela historiske bygg i sentrum av hovudstaden. Verdsarvstaden vart påført store øydeleggingar.

Geografi og klima Bydelar Sana er generelt delt i to delar: Gamle Sana'a-distriktet (al-Qadeemah) og den nye byen (al-Jadid). Gamlebyen er mykje mindre, med gamle bygg og arkiktektur, medan den nye vert stadig utvida med mange forstader og moderne bygg. Den nyare delen av byen vart stort sett utvikal i 1960-åra og frametter, då Sana'a vart hovudstad i republikken.

Bydelane i byen er:

Den nye byen Al Wahdah-distriktet As Sabain-distriktet Assafi'yah-distriktet At Tahrir-distriktet Ath'thaorah-distriktet Az'zal-distriktet Bani Al Harith-distriktet Ma'ain-distriktet Shu'aub-distriktet mini|Sana Gamlebyen Gamle Sana-distriktet

Klima Sana har ein sjeldan mild versjon av eit ørkenklima (Köppen: BWk). Sana får kring 200 mm nedbør i året, men på grunn av høgda er temperaturane langt meir moderate enn i mange andre byar på Den arabiske halvøya. Faktisk er middeltemperaturen nesten konstant året gjennom. Den kaldaste månaden er likevel januar og den varmaste er juli.

Byen har sjeldan ekstrem varme eller kulde, men i somme område av byen kan temperaturen falle til −9 °C til −7 °C om vinteren. Frost oppstår vanlegvis på vintermorgonane, og det er ein lett vindavkjølingseffekt i byen som gjer kalde morgnar bitande. Sola varmar opp byen til 15-20 °C midt på dagen, men temperaturen fell raskt så snart sola går ned.