«Watch That Man» er ein song skriven av David Bowie og opningssporet på albumet Aladdin Sane frå 1973. Stilen vert ofte samanlikna med The Rolling Stones-albumet Exile on Main Street,Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.54Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.232 og har vore omdiskutert på grunn av miksen, der vokalen til Bowie er drukna i instrumnta.David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.188

Produksjon NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray trekkjer fram «Watch That Man» som hovuddømet på ei samling songar på Aladdin Sane som vart «skriven for raskt, spelt inn for raskt og miksa for raskt». Dei meinte at songen «ikkje høyrdest ferdig miksa ut». Medprodusent Ken Scott forsvarte derimot miksen i 1999 og sa at det heile var nøye gjennomtenkt:

Musikk og tekst

I følgje forfattar Nicholas Pegg kan «Watch That Man» reknast som «ein av dei mest kalkulerte retningsendringane til Bowie», til ein meir more Stones-inspirert skitten rockestil. Bowie sjølv indikerte det året songen kom ut at det var minna hans om starten på den dop-drivne amerikanske turneen seint i 1972. Rolling Stone kalla han «uforlikneleg Stones, Exile-årgang. Mick Ronson spelar Chuck Berry-riff via Keith Richards, Garson spelar som Nicky Hopkins, Bowie uttaler linjene sine utydeleg og dei kvinnelege korsongarane og blåsarane lagar høvande lydar»

Lester Bangs, som hadde kalla Bowie «den stakkarslege stråmannen av 'suck rock' du elskar å hate så mykje», innrømde i den same artikkelen i Creem i desember 1973, at Bowie hadde overgått Rolling Stones med «Watch That Man», der Bowie brukar deira eigen stil.

Songen vart skriven i slutten av september 1972, medan Bowie hadde ein pause i New York, før han heldt fram den amerikanske turneen sin. Songen reflekterer den nye kjendisstatusen Bowie nytte medan han var i byen, og handlar om ein kjendisfest der det meste av «spelet» vert sett av dei rette folka. «No one took their eyes off Lorraine/she shimmered and she strolled like a Chicago moll», syng Bowie, og refererer truleg til Cyrinda Foxe, som òg er tema i «The Jean Genie». Det er ein typisk rock and roll-partysong. Musikken er høg, sjampanjekorkane fyk og kokainspeglane ligg på bordet, medan ei gruppe fulle personar står i eit hjørne av rommet. Songaren forstår at det er nokon som er hippare enn han i rommet, og «mannen» det er snakk om i tittelen («Sjå på den mannen») gjer Bowie uroleg. Til slutt flyktar Bowie frå festen og går nedover gata. Songen endar med at Bowie mistar andlet.

Konsertversjonar Eit konsertopptak vart gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture frå farvelkonserten til Ziggy Stardust ved Hammersmith Odeon i London, den 3. juli 1973. Eit konsertopptak frå 1974 vart gjeven ut på David Live. Denne versjonen finst òg på Sound and Vision-boksen og på albumet Rock Concert.

Andre utgjevingar Songen vart gjeven ut som B-side til den italienske utgåva av singelen «Let's Spend the Night Together» i juni 1973. Han finst på den japanske samleplata The Best of David Bowie frå 1974.

Andre versjonar Lulu spelte inn songen i 1973, som B-side til singelen «The Man Who Sold the World», ein annan Bowie-song, den 11. januar 1974. Bandet bestod av Bowie på gitar, saksofon og korvokal, Mick Ronson på gitar, Trevor Bolder på bass, Mike Garson på piano, og Aynsley Dunbar på trommer. Songen vart produsert av Bowie og Ronson, og har vorte skildra for å ha «ein miks og ein korvokal som lett overgår originalen».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op Cit: s.118 Denne versjonen vart òg gjeven ut på albuma From Crayons to Perfume, Heaven and Earth and the Stars og David Bowie Songbook (med forskjellige artistar).

I nyare tid har indiebandet Fur Ones spelt songen på hyllestalbumet Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003).

Medverkande David Bowie – vokal, gitar Mick Ronson – elektrisk gitar Trevor Bolder – bassgitar Mick «Woody» Woodmansey – trommer Mike Garson – piano Ken Fordham – saksofon Linda Lewis – korvokal G.A. MacCormack – korvokal Juanita «Honey» Franklin – korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Watch That Man» frå , den 3. mai 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Lulu-songar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie