Provinsen Düzce (tyrkisk Düzce ili) er ein provins nordvest i Tyrkia. Han ligg ved kysten av Svartehavet og vert kryssa av hovudvegen mellom Istanbul og Ankara. Hovudbyen er Düzce. Det ligg antikke greske ruinar i provinsen.

Düzce vart rive laus frå provinsen Bolu og vart ein eigen provins etter eit katastrofalt jordskjelv i byen i november 1999.

I Tyrkia vart provinsen kalla «Dei sameinte nasjonane av Tyrkia» sidan innbyggjarane har særs mangfaldig etnisk bakgrunn: tyrkarar, kirkassarar, abkhazarar, khvenburar, laz-folk, rom-folk, immigrantar frå Balkan og i nyare tid kurdarar og zazarar. Folketalet i provinsen er kring 350 000.

Distrikt Provinsen Düzce er delt inn i åtte distrikt (hovuddistriktet er utheva): Akçakoca Çilimli Cumayeri Düzce Gölyaka Gümüşova Kaynaşlı Yığılca

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Düzce Province» frå , den 19. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Düzce guvernør si offisielle side Düzce kommune si offisille side

Kategori:Provinsen Düzce Kategori:Skipingar i 1999