mini|Havoteren er det største mårdyret
Mårdyrfamilien (Mustelidae) er den største av rovpattedyrfamiliane. Han omfattar 24 slekter og 57 artar, som fordeler seg over åtte underfamiliar.
Mårdyra finst naturleg på alle kontinenta, unnateke i Antarktis og det meste av Oseania. Dei fleste mårdyra er langstrekte, slanke dyr med forholdsvis korte bein. Grevling og jerv er artar som har ein kortare og meir kompakt kropp. Snømusa er det minste mårdyret, med ei vekt på ca. 40–250 gram. Havoteren er størst og kan nå ei vekt på ca. 45 kg.
Skildring Dei fleste mårdyr har ein langstrekt, slank og smidig kroppsbygging, unnatak er grevlingar og jerv som er kraftige og meir storbygd. Pelsen er som regel brun eller svart, og nokre artar har flekker, striper eller teikningar på strupen. Fleire artar har påfallande ansiktsteikningar med kontrasterande lyse og mørke parti, som den eurasiske grevlingen med mønsteret sitt av svarte og kvite striper. Funksjonen med desse teikningane er uklar, men dei kan signalisere til rovdyr at dei er vanskelege byte, og dermed verke avskrekkande. Enkelte artar, som tigerilder, bandilder og libyastripeilder, har slåande mønster over heile kroppen. Desse mårdyra kan gje stinkande væske frå analkjertlene sine. Nordlege artar som røyskatt, langhalesnømus og snømus kan endre pelsfarge med årstidene, frå kvit om vinteren til brun om sommaren. Denne ekstreme fargeendringa skjer likevel berre i dei nordlege utbreiingsområda. Fargeendringa blir styrt av hormon og avheng av mengda dagslys og temperatur. Hos dei fleste mårar (slekta Martes) er halen relativt lang og med tett hårdekke, medan grevlingar har korte halar. Dei fleste mårar har korte lemmer med fem bua, ikkje-inntrekkberre klør på kvar fot. Kraniet blir kjenneteikna ved ein kort snute og relativt små øyre. Talet på tenner varierer frå 28 til 38, avhengig av art, og eit kjenneteikn er tapet av den andre øvre kinntanna. Mange mårdyr har godt utvikla analkjertlar, liknande dei hos skunkar, og desse blir brukte til å markere territorium og hos nokre artar også til forsvar. Otrane har svakt utvikla analkjertlar, og hos sjøoteren manglar dei tilsynelatande heilt. Alle mårdyr har vêrhår, som er spesielt godt utvikla hos otrar og står ut frå hovudet sjølv under vatn.
Kroppsbygginga til mårdyra er tilpassa jakt- og levevisa deira. Medan røyskattar går på tærne, er grevlingar ekte solegjengarar. Nokre trelevande medlemmer av familien, som mårar, rører seg delvis på tærne og delvis på solane. Røyskatt, snømus og ilderar (slekta Mustela) er langstrekte for å kunne følgje smådyr inn i underjordiske gangar. Grevlingar lever også delvis under jorda og har ein kraftig kropp og sterke graveklør. Trelevande mårdyr er kjenneteikna av skarpe klatreklør og lange halar som fungerer som eit balansesorgan. Halvakvatiske og akvatiske mårdyr, som otrar og mink, har langstrekte, torpedoforma kroppar og kraftige symjehalar, som nokre gonger er flate på sidene. Vasslevande mårdyr har korte bein med symjehud mellom tærne, men minken har berre delvis utvikla symjehud. Sjøoteren er den mest tilpassa til vassliv og har bakføter som liknar på selen sine lemmar.
Samanlikna med andre rovdyr er dei fleste mårdyr relativt små, men skilnaden i storleik mellom dei minste og største medlemmene av denne familien er stor: han strekkjer seg frå den vesle snømusa, som med sine rundt 40-250 gram er den minste av alle rovdyr, til sjøoteren, kjempeoteren og jerven, som kan vege over 30 kilo. Dei fleste artar viser ein markant kjønnsdimorfisme når det gjeld kroppsstorleik; hannane er i gjennomsnitt 25 % tyngre enn hoene. Hannlege mårdyr har ein penisknokkel, som er ulikt forma hos dei ulike artane.
Tannsettet er svært variabelt og speglar kosthaldet. Avhengig av art har mårdyr 28 til 38 tenner. Alle har dei typiske rovtennene for rovdyr, som består av den fjerde øvre premolaren og den første nedre molaren. Desse tennene er spesielt skarpe hos kjøttetande spesialistar som røyskattar, medan dei er kraftigare hos andre artar og dannar ei «knusesaks» for å knuse harde skal. Havoteren, afrikansk fingeroter, og gråoteren, som hovudsakleg lever av skaldyr, har kraftige hjørnetenner som liknar på kinntenner. Hos desse artane er også kinntennene spesielt kraftig utvikla. Mårdyr har lange hjørnetenner, og framtennene er ikkje spesialiserte.
Utbreiing og habitat Mårdyrfamilien er spreidd nesten over heile verda, dei manglar berre i det australsk-oseaniske området, på Madagaskar, i Karibia og andre avsidesliggjande øygrupper, og dessutan i Antarktis. Fleirtalet av mårdyrartane lever i Eurasia. Afrika husar ni artar av mårdyr, Sør-Amerika er heimstad for fire ulike otrar, to grisonar (slekta Galictis), patagoniarøyskatt, og dessutan tre artar av slekta Mustela. I tillegg finst tairaen, som også lever i dei sørlegaste delane av Nord-Amerika. Langhaleoter og stripegrison lever i både Sør-Amerika og i delar av Mellom-Amerika. I Nord-Amerika finst også præriegrevlingen, jerv, amerikamår, fiskarmår, amerikaoter, mink og fire artar av røyskattar (slekta Mustela). Røyskatt og snømus er introduserte artar i New Zealand.
Dei ulike artane av mårdyr lever i ei rekkje habitat, som tempererte og boreale skogar, tropiske regnskogar, steppear, savannar og tundraområde. Dei treng likevel sjeldan inn i ekstremt tørre område. Mange artar er avhengige av nærleiken til vatn og lever langs elvar og innsjøar, nokon også ved kysten. For otrar er denne tilknytinga til vatn sterkast, då havoteren til og med lever i det opne Stillehavet og kan vurderast som ein nesten heilt akvatisk art. Sidan mårdyr som relativt små dyr blir jakta på av mange større rovdyr, er dei avhengige av gøymestader for kvile. Mange stader lever fleire mårdyrartar side om side. På Dei britiske øyane lever til dømes sju artar.
Artar i Noreg Mårdyrfamilien er representert i Noreg med følgjande artar: Røyskatt, utbreidd over Europa unnteke Island og middelhavsområdet Snømus, lever i Europa unntatt Island og Irland Mink, indrodusert til Skandinavia, Island og Dei britiske øyane frå Nord-Amerika Ilder, berre fåtalig i Søraust-Noreg, elles over mykje av Europa Mår, lever i Noreg, mest talrik i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke, minst talrik i Finnmark, Telemark og Oslo (Artsobservasjoner, 2000-2024) Jerv, ein nordaustleg art i Europa, i Noreg mest talrik i fjellstrøk i Nord-Noreg og Trøndelag Grevling, talrik på Austlandet og i Trøndelag, sjeldan i Nordland og Troms (Artsobservasjoner, 2000-2024) Oter, utbreidd over heile Europa, unnateke Island
Levevis Dei fleste artane er skumrings- eller nattaktive, men nokon leitar også etter mat på dagtid. Som kvileplassar bruker mange mårdyr hòler som dei sjølv har grave, overteke frå andre dyr eller dei finn andre gøymestader. Mange artar lever på bakken eller jaktar i underjordiske hòler på grunn av den slanke kroppen sin, medan andre ofte oppheld seg i tre. Det finst mange utmerkte symjarar blant mårdyra, spesielt otrar og mink. Dei fleste mårdyrartar er aktive heile året. Grevlingar held likevel vinterdvale i nordlege område, ettersom maten deira då er vanskeleg å finne.
Sosial åtferd Mårdyr lever stort sett som einslege og territoriale dyr, dei markerer grensene for territoriet sitt med sekret frå analkjertlane, urin eller avføring. Luktesansen er svært godt utvikla og hjelper dei med å finne byttedyr og kommunisere med artsfrendar. Syns- og høyrselssansane er også godt utvikla. Med unntak av enkelte oterartar og den europeiske grevlingen er alle mårdyrartar einstøingar. Vanlegvis forsvarer hoene territorium som er store nok til å gje tilstrekkeleg næring til seg sjølv og ungane sine. Territoria til hannane er større og overlappar alltid territoria til fleire hoer. Territoria til hannane overlappar vanlegvis ikkje med kvarandre, medan hoene er meir tolerante, sjølv om også territoria deira berre har små overlappingssoner. Resultatet er eit intra-seksuelt territorialsystem som i stor grad overlappar med territoriet til det motsette kjønnet. Gruppene av søramerikanske kjempeotrar består vanlegvis av eit avlande par og nokre ungdyr, og dessutan avkommet frå siste året. Havotrar lever i kjønnsdelte grupper, som av og til kan vere overraskande store. Til dømes kan hann-grupper av havotrar i Alaska nokre gonger omfatte hundrevis av dyr. Hann-gruppene er likevel berre stabil i periodar, og dei blir oppløyste i paringstida. Europeiske grevlingar på Dei britiske øyane lever delvis i blanda grupper på opptil 23 dyr. Andre stader i Europa er dei likevel einstøingar eller lever i par. Mårdyr er vanlegvis stille for å unngå merksemd frå rovdyr og potensielle byttedyr. Lydytringar blir observerte oftare når dei møter andre dyr eller artsfrendar. Gråoter og kjempeoter, to artar som lever i grupper, har høvesvis meir enn tolv og ni ulike lydar for å kommunisere.
Forplanting Drektigheitsperioden hos mårdyr varer vanlegvis mellom 30 og 60 dagar, men mange artar opplever ei forseinka implantering av det befrukta egget i livmora, slik at det kan gå fleire månader mellom paring og fødsel. Vanlegvis føder hoene berre eitt kull per år. Nyfødde mårdyr er hjelpelause og blinde ved fødselen, men veks raskt. Dei fleste artane er sjølvstendige etter to månader, og kjønnsmodnad blir vanlegvis oppnådd mellom seks månader og to år. Levetida i vill tilstand er vanlegvis mellom fem og 20 år.
Artsliste Systematikk med inndeling i underfamiliar og slekter og artsliste med norske namn. rovpattedyr, (Carnivora) Mustelidae, mårfamilien Taxidiinae Taxidea, Præriegrevling, Taxidea taxus Mellivorinae Mellivora Honninggrevling, Mellivora capensis Melinae Arctonyx, Svinegrevling, Arctonyx collaris Meles, grevlingar Grevling, Meles meles Asiagrevling, Meles leucurus Japangrevling, Meles anakuma Helictidinae Melogale, ildergrevlingar (solgrevlingar) Vietnamesisk ildergrevling, Melogale cucphuongensis Borneoildergrevling, Melogale everetti Kinesisk ildergrevling, Melogale moschata Orientalsk ildergrevling, Melogale orientalis Indisk ildergrevling, Melogale personata rovpattedyr, (Carnivora) Mustelidae, mårfamilien Guloninae Eira Taira, Eira barbara Gulo Jerv, Gulo gulo Martes, mårar Amerikamår, Martes americana Steinmår , Martes foina Nilgirimår, Martes gwatkinsii Mår, Martes martes Japanmår, Martes melampus Sobel, Martes zibellina Gulhalsmår, Martes flavigula Pekania Fiskarmår, Pekania pennanti Ictonychinae Galictis, grisonar Dverggrison, Galictis cuja Stripegrison, Galictis vittata Ictonyx, stripeildre Libyastripeilder, Ictonyx libyca Bandilder, Ictonyx striatus Lyncodon Patagoniarøyskatt, Lyncodon patagonicus Poecilogale Striperøyskatt, Poecilogale albinucha Vormela Tigerilder, Vormela peregusna rovpattedyr, (Carnivora) Mustelidae, mårfamilien Lutrinae, otrar Aonyx, fingerotrar Afrikansk fingeroter, Aonyx capensis Kongofingeroter, Aonyx congicus Gråoter, Aonyx cinereus Enhydra Havoter, Enhydra lutris Lontra, amerikanske elveotrar Amerikaoter, Lontra canadensis Sjøoter, Lontra felina Langhaleoter, Lontra longicaudis Sørleg elveoter, Lontra provocax Lutra, eurasiske elveotrar Oter, Lutra lutra Sumatraoter, Lutra sumatrana Hydrictis Flekkoter, Hydrictis maculicollis Lutrogale Indiaoter, Lutrogale perspicillata Pteronura Kjempeoter, Pteronura brasiliensis rovpattedyr, (Carnivora) Mustelidae, mårfamilien Mustelinae Mustela, røyskattar Troperøyskatt, Mustela africana Altajsnømus, Mustela altaica Røyskatt, Mustela erminea Steppeilder, Mustela eversmanni Columbiarøyskatt, Mustela felipei Langhalesnømus, Mustela frenata Gulbukrøyskatt, Mustela kathiah Europeisk mink (Flodilder), Mustela lutreola Indonesisk fjellrøyskatt, Mustela lutreolina Svartfotilder, Mustela nigripes Snømus, Mustela nivalis Berrfotrøyskatt, Mustela nudipes Ilder, Mustela putorius Sibirflodilder, Mustela sibirica Manglar norsk namn, Mustela strigidorsa Neovison Mink, Neovison vison
Kjelder