Henry Raeburn () var ein skotsk portrettmålar under romantikken. Raeburn vert, ved sidan av David Wilkie, rekna som grunnleggjarar av den såkalla skotske målarskulen. Han vart fødd og døydde i Stockbridge ved Edinburgh.
Liv og gjerning Raeburn var elev ved 'George Heriot's School' i Edinburgh. 15 år gammal byrja han å utdanne seg til gullsmed, vende seg snart til gravørarbeid og enda deretter opp som den fremste portrettmålaren i Edinburgh.
Då han var 24 år gifta Raeburn seg med den rike, elleve år eldre Ann Edgar, enkje etter ein greve. Rikdomen sette han i stand til å reise til London i 1784, for å studere hos Joshua Reynolds, den leiande portrettmålaren i samtida. Mellom 1784 og 1786 budde han i Roma. Opphaldet i Italia vart viktig for utviklinga hans, der let han seg inspirere av verka til Pompeo Batoni, Gavin Hamilton og Giovanni Romanelli, noko som viser att i seinare portrettbilete. Særleg fascinert var Raeburn av dei verknadene lyssettinga kunne ha.
Raeburn, som i 1822 vart slått til riddar av kong Georg IV, og kalla «kongens målar i Skottland», hadde heile livet eit tvisynt tilhøve til England. Regelessig sende han verka sine til Royal Academy of Arts, der han i 1815 vart fullverdig medlem. Sjølv reiste han berre sjeldan til London, som hadde eit større miljø og kunstpublikum. For skotsk målarkunst var det ei lukke at han vart verande i Edinburgh, og slik stimulerte lokale målarar.
Bakgrunnsstoff
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Henry Raeburn» frå , den 11. juni 2013.
Kategori:Britiske målarar