The X Factor er det tiande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 2. oktober 1995 på EMI. Det er det første albumet til bandet med Blaze Bayley, som tidlegare song i Wolfsbane, som vokalist. Han erstatta Bruce Dickinson som slutta etter den førre turneen deira for å fokusere på solokarrieren. Albumet har ein mørkare tone enn dei ni første albuma til gruppa. Tekstane er baserte på dei personlege problema til Steve Harris på den tida, i midten av ein skilsmisse. Dette går att i plateomslaget, som grafisk syner maskoten til bandet Eddie som blir dissekert av ein maskin.

Bakgrunn mini|venstre|Dette var det første albumet til bandet med vokalisten Blaze Bayley. Tittelen på albumet kom til i starten av innspelinga av albumet. Produsenten Nigel Green sa:

«Me følte alle at med måten ting utvikla seg på - songane, med Blaze i bandet, lyden, engasjementet - så kom det nye albumet til å få ein ekstra kvalitet, den magiske biten, X-faktoren. Dette vart arbeidstittelen på albumet og me likte det, så det vart tittelen til slutt. Det passar òg særs bra sidan det var det tiande albumet og «X» kan skape mange bilete»

Plateomslaget på The X Factor syner Eddie som vert lobotomert og vart skapt av Hugh Syme. Fordi omslaget vart teikna i ein «livaktig» stil, vart bandet tvungen til å gje ut albumet i eit reversibelt omslag, med eit mindre livaktig alternativ, som syner Eddie på avstand. Albumet var òg det siste albumet, før The Book of Souls i 2015, som nytta den klassiske varianten av logoen til bandet. Alle studioutgjevinga frå Virtual XI til The Final Frontier nytta ein alternativ variant som ikkje hadde med den lange enden av bokstavane «R», «M» og begge «N»-ane.

Albumet er òg uvanleg for bandet fordi dei skreiv fleire songar som ikkje kom med på albumet, og Steve Harris sa «Me enda faktisk opp med å spele inn 14 songar, og brukte berre elleve. Det var særs uvanleg for oss.» Dei tre songane «I Live My Way», «Justice of The Peace» og «Judgement Day», vart gjevne ut som B-sider, og dei to siste kom med på samleplata Best of the 'B' Sides.

Etter albumet kom ut la bandet ut på X Factour-turnee. Fleire konsertar i USA vart kansellerte fordi Bayley fekk problem med stemma etter dei mange konsertane bandet spelte.

Songar «Man on the Edge» og «Lord of the Flies» vart gjevne ut som singlar. Begge desse songane, og «Sign of the Cross», vart verande på setlistene til Iron Maiden òg etter Bruce Dickinson kom attende i bandet. Konsertversjonar av desse songane med Dickinson på vokal finst på singelen til «The Wicker Man» og konsertalbuma Death on the Road og Rock in Rio, medan dei same konsertopptaka av «Man on the Edge» og «Sign of the Cross» sidan vart gjevne ut på samlealbumet From Fear to Eternity.

«The Edge of Darkness» er basert på filmen Apocalypse Now frå 1971, som igjen er basert på Joseph Conrad-romanen Heart of Darkness, «Man on the Edge» er basert på filmen Falling Down frå 1993, og «Lord of the Flies» er basert på William Golding-romanen med same namn. «Sign of the Cross» er basert på Umberto Eco-romanen The Name of the Rose og er den fjerde lengste songen til Iron Maiden med ei lengd på meir enn 11 minuttar. Konsertversjonar av «Blood on the World's Hands» og «The Aftermath» finst på Best of the 'B' Sides.

Blaze Bayley spelte inn ein omarrangert versjon av «Sign of the Cross» på konsertalbumet As Live as It Gets.

Mottaking

The X Factor fekk lunken mottaking av kritikarane. AllMusic gav albumet to av fem stjerner, og skreiv at det «leid av mangelen på mektige riff og stramme songar. The X Factor er eit glanslaust nyare album av Iron Maiden. Sjølv om banet ikkje høyres særleg dårleg ut på plate, høyrest dei ikkje inspirerte ut og det er ein merkbar mangel på energi i songane som gjer mangelen på fantasi enno meir tydeleg.»

Sputnikmusic var noko meir positiv og skreiv at albumet var «ei endring for Iron Maiden, og ei viktig ei» sidan det «bana veg for framtidige album med liknande lengd.» Dei hylla òg den «ofte kritiserte» Blaze Bayley, og hevda at stemma hans «var perfekt for dette nye albumet.»

Innhald

Medverkande Henta frå plateomslaget: Iron Maiden Steve Harris – bass, produsent, miksing Blaze Bayley – vokal Dave Murray – gitar Janick Gers – gitar Nicko McBrain – trommer Andre musikarar Michael Kenney – klaverinstrument The Xpression Choir – Gregoriansk kor på «Sign of the Cross» Produksjon Nigel Green – produsent, lydteknikar, miksing Ronal Whelan – mastering Mick McKenna – assisterande lydteknikar Les Lambert – assisterande lydteknikar Hugh Syme – digital illustrasjon, plateomslag, kunstnarisk leiar Ross Halfin – fotografi Simon Fowler – fotografi Tony Frederick – fotografi Rod Smallwood – management Merck Mercuriadis – management Andy Taylor – management Aky Najeeb – management

Lister

Album LandListe (1995)Plassering Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 19 Belgia (Flandern) Ultratop 19 Belgia (Vallonia) 8 Finland Den finske albumlista 2 Tyskland Media Control Charts 16 Japan Oricon 17 Nederland MegaCharts 29 Noreg VG-lista 25 Sverige Sverigetopplistan 4 Sveits Hitparade 27 Storbritannia Offisiell albumliste 8 USA Billboard 200 147

Singlar Singel Liste (1995) Plassering «Man on the Edge» Den finske singellista 1 Den franske singellista 33 VG-lista i Noreg 18 Sverigetopplistan 23 UK Singles Chart 10

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The X Factor (album)» frå , den 1. september 2016.

Kategori:Musikkalbum frå 1995 Kategori:Iron Maiden-album Kategori:EMI Records-album