Ole Johan Andersen () er ein norsk forfattar og tidlegare politimann.

Andersen er fødd i i Skien, og voks opp på Ulefoss i Telemark. Han jobba 40 år i politiet før han gjekk av med pensjon i 2009. Han var spesialutdanna innan rus og narkotika. I ein tiårs-periode leidde han fleire store narkotikasaker i Nordre Buskerud politidistrikt. Andersen skriv sannferdig krim som anten er opplevd av kollegaer eller han sjølv. Alle hendingane er reelle, men som regel tekne ut av samanhengen sin og sett inn i ei kriminalsak for å skapa spenning.

Bøker 1979 - Politihistorie for Hønefoss 2013 - Kanalens mørke hemmelighet (rus-kriminalroman) 2015 - Helvetesrus (rus-kriminalroman) 2016 - Dødelig uenighet (rus-kriminalroman) 2016 - Fluefangeren (rus- kriminalroman) 2018 - Mot bedre vitende (rus-krimroman) 2019 - Fanget i englestøv-nettet (rus-krimroman) 2020 - På ville veier - mot ukjent mål (rus-krimroman)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ole Johan Andersen» frå , den 29. oktober 2021. oppgav desse kjeldene: Elefantus - Våre forfattere (arkivert nettside)

Kategori:Folk frå Skien Kategori:Norske forfattarar