Angermünde er ein by og kommune i landkrinsen Uckermark i delstaten Brandenburg i Tyskland med 13 500 ibuarar. Byen Angermünde ligg 51 meter over havet, frå byen er det om lag 5 km til landegrensa mot Polen. Med eit flatemål på 324,2 km² er kommunen ein av dei største i heile Tyskland.

Tidlegare var framstillinga av varer i emalje ei hovudnæring i Angermünde. Med sine vatn og skogar har turismen vort ein sentral næringsveg.

Geologen Leopold von Buch og friidrettsutøvaren Hartmut Losch var frå Angermünde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Angermünde» frå , den 1. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Brandenburg