Gul daglilje (Hemerocallis lilioasphodelus) er ei plante i dagliljeslekta i aloefamilien. Arten kjem opphavleg frå Aust-Asia.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen i naturen i 1960. Arten veks no spreidde stader i innlandet austafjells og i kyst- og dalstrøk til Rogaland, med sjeldne førekomstar vidare nord til Nordland. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dagliljeslekta