Carl Vilhelm Boye Holst () var ein norsk litteraturforskar og kunstfilosof frå Stavanger.
Holst studerte litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo og vart cand.mag. i 1933, med ei avhandling om lukkekjensla hos den franske forfattaren Stendhal. Han var så skulelærar i Oslo, deretter var han frå 1936 til 1940 lektor i norsk ved Sorbonne-universitetet i Paris. 1941-43 var Holst lektor i fransk ved Universitetet i Oslo. Sidan var han universitetsstipendiat i litteraturhistorie, der han førelas i fransk poesi og generell estetikk.
Holst var kritisk til historismen og «psykologismen» som metodar i litteratur-granskinga. Han hevda at det «bare er ved å erkjenne diktningens vesen at man kan bestemme de forskjellige litterære forskningsgrenenes relevans for litteraturen».
Utvalde skrifter Stendhal: l'auteur d'Armance, (i Edda 1937) Défense et illustration de l'histoire littéraire, (i Orbis litterarum 1943) Fragment av en kunstfilosofi, (1953) Baudelaires estetikk, (1954) Kulturfilosofiske skrifter, (1974)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Carl Vilhelm Holst» frå , den 19. juli 2023.
Litteratur Knut Imerslund: Den estetisk-filosofiske skole i norsk litteraturforskning – mål og metode. Oslo: Gyldendal, 1978.
Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Folk frå Stavanger