Inger «Mikro» Mikkelsen Røsoch ()Fødsels- og dødsdato fra Dødsfall i Norge 1995–2007 i Digitalarkivet. var ein norsk pianist som var kjend frå NRK Radio der ho var akkompagnatør i over femti år.
Liv og virke Mikkelsen Røsoch var dotter av Martin Mikkelsen og Anna Moxness.Ifølgje Bernt Martin Mikkelsen, Inger Eline Røsoch i slektsdatabasen geni.com, datert 8. september 2010. Etter å ha spelt piano sidan ho var fire år, spelte ho som tolvåring våren 1918 ved Studentersamfundet i Trondhjem og fekk tilnamnet «Mikro» fordi ho ikkje nådde ned til pedalane. Seksten år gammal debuterte ho ved byens klassiske scene. Seinare blei ho med i Bodega Band (skipa i 1929) som var jazzorkesteret til samfunnet, og samstundes det fyrste storbandet i landet. Ho blei livsvarig medlem og fyrste kvinnelege medlem i De Sorte Faars Ridderskab i 1947.
På oppfordring av programsekretæren (og seinare svogeren hennar) Henry Røsoch (1894–1950), blei Mikkelsen Røsoch med då byen fekk sin fyrste lokalradio Trondheim kringkaster, eigd av Telegrafverket og frå 1933 av NRK.Tyholt i Store norske leksikon.Jon Annar Fordal, Tøy og bøy med Reidar Morset hos NRK den 22. november 2004. Der debuterte ho ved opninga den 4. mai 1930 og akkompagnerte etter kvart i programposten «Strekken», som handla om gymnastikk og blei ein av dei lengste programpostane hos NRK Trøndelag.NRK-historia i Trøndelag i NRK den 24. august 2000. Mest kjend blei ho etter at ho i 1949 blei med som akkompagnatør i Reidar Morset (1918–2001) sine gymnastikkprogram. Også dottera til Morset, Ingrid, blei med, og programmet heldt fram til 1982, då Morset trekte seg tilbake.Arnulf Grut, Reidar Morset, nekrolog i Adresseavisen den 10. mai 2001. Frå 1952 var ho også brukt i andre samanhengar på NRK radio. Mikkelsen var pianist då Otto Nielsen (1909–82) og komponisten Harald Haugen på 1930-talet sette opp den fyrste radio-operetten, «Postboks 39», og mottok i 1979 Trondheim kommunes kulturpris saman med nemnde Nielsen.
Inger Mikkelsen Røsoch var gift med handelslærar Kolbjørn Røsoch (1897–1979).Aftenposten, 15. april 1944, side 4
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inger Mikkelsen Røsoch» frå , den 9. mars 2024.
Kategori:Norske pianistar Kategori:Folk frå Trondheim