Zynk er eit norsk lobbyselskap og kommunikasjonsbyrå som held til i Oslo. Dagleg leiar i 2026 er Guri Størvold.

Historie

Leiing Selskapet vart starta av Claus Sonberg, Hans Olav Otterlei og Jan Glendrange i 2010.

Guri Størvold vart i 2019 tilsett som dagleg leiar av selskapet. Størvold har bakgrunn frå Senterpartiet og var statssekretær i Regjeringa Stoltenberg II. Overgangen førte til ei sak i Karanteneutvalet.

Zynk har gjennom tidane hatt flere tilsette med politisk bakgrunn, som blant anna stortingsrepresentant og dagleg leiar i Burson, Sigurd Grytten, assisterande pressesjef Andrea Tviberg Mohn-Olsen og kommunikasjonssjef Daniel Torkildsen Lea.

Omtalte sakar I 2018 gav selskapet rådgjeving til Statistisk sentralbyrå og dåverande SSB-sjef Christine Meyer i ein konflikt ho hadde med finansminister Siv Jensen. I 2019 fekk Zynk eit oppdrag frå Sjømat Norge, ein interesseorganisasjon for produsentar av sjømat, i debatten om grunnrente på areal til lakseoppdrett. I 2025 signerte Norsk Tipping og Zynk ein avtale om å bruka opp mot åtte millioner kroner på rådgjeving, som vekka reaksjonar frå partiet Raudt.

Kjelder

Kategori:Skipingar i 2010 Kategori:Norske medieføretak